nov. 2020

lau07nov18:00HildoFolk / jazz18:00

Om arr.

Berit Opheim – vokal
Tore Brunborg – saksofon
Stein Urheim – strengar
Steinar Raknes – bass
Kåre Opheim – trommer

 

Laurdagskvelden 7. november kl 18 kan du benka deg i konsertsalen og tilbringa kvelden i god lagt med Berit Opheim og nokre av landets grommaste musikarar.

Om konserten:
«Hildo» heitte den gamle kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Det finst fleire segn og folketonar til ære for klokka, som var kjend for sin uvanleg fine og sterke klang.
Eit av segna seier at bergensarane ville låna klokka, og vossingene var dumme nok til å seia ja.
Ute i Bolstadfjoren rauk det opp til uver, båten sokk, og der ligg klokka på havsens botn den dag i dag.

 

Konsertproduksjonen HILDO er eit samarbeid mellom Riksscenen og Vossa Jazz og hadde premiere på Vossa Jazz 2018.
Fem fantastiske musikarar, med Brunborg og Opheim i spissen, har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar frå mellom anna Voss, Sogn og Hardanger
– og serverer desse i nye arrangement og med nykomponerte tema.
Det vert både balladar, bånsullar, stev, barnesongar, salmar og slåttar, i hendene på musikantar som går «Hildo» sjølv ein høg gang når det kjem til klang og styrke.

 

Hildo vart nominert til Musikkritikerprisen 2018 og kom ut i plateform november 2019 til strålande kritikkar.
Mellom anna gav Petter Lønningen i Bergens Tidende terningkast 6, omtalte albumet som magisk og plasserte det som eit av årets beste album.

I samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter / Den Musikalske Stamvegen

 

Tid

(Laurdag) 18:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Billettar på nett

>>> KJØP

Arr. på Facebook

>>> Sjekk ut

Opningstider

T.o.m. 20. desember 2020:
Ons-fre kl 11-15, laur+sun kl 11-16

Julestengt f.o.m. 21. desember-t.o.m. 1. januar 2021

Kontakt

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987
E-post: post@kabuso.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram!

Opening hours

Till and including December 20 2020:

Wednesday-Friday 11 AM-3 PM,
Sat+Sunday 11 AM -4 PM


Closed due to holiday December 21-Jan 1 2021

Contact

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
+ 47 474 79 987
post@kabuso.no

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X