– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Foreningen for By og Bygd

lau07feb17:0018:0017:00 - 18:00 Foreningen for By og BygdCountry

Om arr.

Laurdag 7. februar kl 17

Jens Kihl – vokal
Helene Nilsen – vokal og akustisk gitar
Endre Aasebø – vokal og el-gitar
Lars Korff Lofthus – vokal og kontrabass/el-bass
May Frida Bosch – slagverk

Etter sju år med konsertar opp og ned langs vestlandskysten og ut og inn av fjordarmane, Har Foreningen for By og Bygd endeleg kome ut med si fyrste plate.
Bandet har med sin lyttevenlege country på nynorsk blitt ein publikumsfavoritt vestpå, og no er det på tide å visa resten av landet kva som rører seg i countryhovudstaden Bergen.

Songane på Vegen gløymer ikkje deg fortel om kvardagsliv og kjærleiksliv, om ferjer og fjordar, om usynlege menn og om svært synlege kvinner.

Namnet Foreningen for By og Bygd har bandet henta frå den fyrste homo-organiseringa i Noreg. Med denne hyllesten til pionerane i Noreg utforskar bandet korleis ein veldig streit og kjønsstereotyp sjanger som country blir når ein vender opp og ned på kva som er det sjølvsagte. Naturlegvis kan countryen famna om to menn på ein vestlandsk fraktbåt med mykje usagt seg i mellom.
I tillegg vinglar bandmedlemene stadig mellom by og bygd, slik alle gode folk gjer.

Dette er foreininga du ikkje visste eksisterte, men no vil teikne livstidsmedlemskap i!

Medlemene har lang fartstid frå musikk, kunst, skriving og scene – og brukar bakgrunnen sin både i tekst og framføring

Tid

7. feb. 2026 17:00 - 18:00

Billettar på nett