Familieverkstad
sun09feb13:0015:0013:00 - 15:00 FamilieverkstadBornas Kabuso
Om arr.
Velkommen til drop in familieverkstad i Bornas Kabuso! Under verkstaden får ein utfalda seg kreativt med ulike materialar og metodar. Denne gongen får me besøk av kunstnarane Sarah Damai Hoogman
Om arr.
Velkommen til drop in familieverkstad i Bornas Kabuso!
Under verkstaden får ein utfalda seg kreativt med ulike materialar og metodar.
Denne gongen får me besøk av kunstnarane Sarah Damai Hoogman og Jurel Bakker frå Nederland. Saman med dei skal me leite i forstørringsglas etter spanande mønster og detaljar i lav, mose, stein etc. som me skal gjera om til personlege bilete.
Inga påmelding.
Medlemsskap i klubben kostar 110 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa våren 2025.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Verkstadane vert stort sett til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen. Filmane vert vist i samarbeid med Norsk filmklubbforbund.
Tid
9. feb. 2025 13:00 - 15:00
Billettar på nett
Program
Dato
lau23aug13:0017:0013:00 - 17:00 Seminar: Glacial feelings
Om arr.
Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once. I seminaret ynskjer me å
Om arr.
Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once.
I seminaret ynskjer me å sjå nærare på den pågåande klimakrisa, først og fremst gjennom kunsten si linse og den personlege erfaringa, men òg med dei kalde, vitskaplege fakta som er kjente for oss til no.
Me spør korleis me kan leve med, og reagere på, det som utfaldar seg kring oss, samstundes som me held håpet oppe.
Inviterte deltakarar er:
Professor Jostein Bakke frå Universitetet i Bergen
Kunstnar Jana Winderen
Kunstteoretikar Dr. Anthea Buys
I tillegg: Kunstnar James Webb og kurator Sissel Lillebostad
Frå Kabuso kan ein sjå ein snipp av Folgefonna, Noregs sørlegaste isbre.
Den er, som dei andre breane me kjenner til, i ferd med å smelte, og det går raskare enn me trudde for berre nokre få år tilbake.
Utstillinga har som sitt sentrale element ein installasjon som stiller 151 spørsmål direkte til Folgefonna; kunstnaren spør mellom anna om kva minner isbreen har, om frykt og opplevinga av transformasjon.
Spørsmåla blir lesen både på norsk og engelsk og kan høyrast i rommet via tre høgtalarar, retta mot fonna.
Isbreen svarer ikkje på noko språk me menneske kan forstå, men i dei stille pausane som følger kvart spørsmål kan publikum projisere eigne tankar og svar.
Praktisk info:
Seminaret er gratis, men me ber om at du hentar ut ein billett via linken
Tid
23. aug. 2025 13:00 - 17:00
Billettar på nett
lau06sep(sep 6)00:00sun19okt(okt 19)00:00(sept 6) 00:00 - (okt. 19) 00:00 Vestlandsutstillingen 2025