Oscar Danielson
lau08feb19:0020:3019:00 - 20:30 Oscar DanielsonVisepop
Om arr.
Mmm, for ein finfin laurdagskveld det blir! Kabuso har invitert Oscar Danielson til å halda konsert laurdag 8. februar kl 19. Danielson (vokal/gitar) er sin eigen sjanger og vert av mange
Om arr.
Mmm, for ein finfin laurdagskveld det blir! Kabuso har invitert Oscar Danielson til å halda konsert laurdag 8. februar kl 19.
Danielson (vokal/gitar) er sin eigen sjanger og vert av mange rekna som Sveriges beste tekstforfattar.
Etter albumet Stockholm i mitt hjärta (2011) med låta Besvärjelse har han fått eit stadig større publikum – og turnert flittig i heile Skandinavia.
I november 2014 varma han opp for Bjørn Eidsvåg i eit fullsett Oslo Spektrum – og det er langt mellom dei gongane 9000 mennesker er så intenst lyttande som då.
Kort tid etter opptredde han på NRK-programmet Lindmo og igjen både begeistret og fascinerte låtuniverset til Danielson det norske folk.
No kjem den Stockholm-fødde 52-åringen tilbake til oss med eit show som framkallar latter så vel som tårer. Temaet er – sjølvsagt – kvinner.
Det er songar om kjærleik, fulle av alvor og djupt menneskelege observasjonar, krydra med humoren som kjenneteiknar musikaren.Eva Weel Skram har elles gjort ein versjon av låta Besvärjelse med norsk tekst; Vi Lovar.
Bill 325,- (sjå lenke)
Tid
8. feb. 2025 19:00 - 20:30
Billettar på nett
Program
Dato
lau07feb(feb 7)00:00sun03mai(mai 3)00:00(feb. 7) 00:00 - (mai 3) 00:00 Gillian CarsonFoajéutstilling
sun08feb13:0015:0013:00 - 15:00 MonsterverkstadBornas Kabuso
Om arr.
Velkommen til monsterverkstad i Bornas Kabuso. Drop in mellom kl. 13 og 15 den 8. februar. Monster kan vere skremmande, og i hovudet vårt ser me gjerne for oss fæle skapningar,
Om arr.
Velkommen til monsterverkstad i Bornas Kabuso. Drop in mellom kl. 13 og 15 den 8. februar.
Monster kan vere skremmande, og i hovudet vårt ser me gjerne for oss fæle skapningar, men dei kan også vere fascinerande vesen. Kunstnar Doi Kim inviterer oss til å skape eigne monster frå fantasien. Med teiknesaker, tekstil, tråd og måling blir nye vesen til, kanskje inspirert av fjorden, fjella og skogen.
Doi Kim kjem frå Sør-Korea. Ho jobbar med mange ulike materialar kor ho utforskar dei fysiske og psykologiske sidene ved mennesket gjennom fiksjon. Ho har kunstutdanning frå Sør-Korea, USA og Tsjekkia.
Under familieverkstadane får ein utfalda seg kreativt med ulike materialar og metodar. Verkstaden er utforma av ein profesjonell kunstnar som saman med vertar frå Kabuso leiar verkstaden. Kvar gong kjem ein ny kunstnar og nye oppgåver.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 110 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa våren 2026. Vaksne går gratis i følge med barn på alle arrangementa. Medlemsskapet kan kjøpast på TicketCo eller i døra.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen. Filmane vert vist i samarbeid med Norsk filmklubbforbund.
Tid
8. feb. 2026 13:00 - 15:00