– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ingebrigt Vik & Sofus Madsen

lau08apr(apr 8)00:00sun21mai(mai 21)23:59Ingebrigt Vik & Sofus MadsenLivsfasar(april 8) 00:00 - (mai 21) 23:59(GMT+00:00)

Om arr.

I 2002 møttest eit utval av skulpturane til Sofus Madsen og Ingebrigt Vik – i utstillinga «Livsfaser». No er det ei glede for oss å kunna presentera eit møte mellom eit anna utval arbeid frå desse vestlands-skulptørane – i Kabuso.

Ingebrigt Vik var snautt ein halv generasjon eldre enn Sofus Madsen, fødd fjorten år før. Og dei to kunstnarane fekk særs ulik lengd på sitt kunstnarlege virke. Madsen sin produksjon strakk seg over meir enn seksti år. Frå Vik stilte ut sin Arbeidaren, som vart hans kunstnarlege gjennombrot i 1901, til han forma portrettet av Niels Treschow, eit av dei seinaste arbeida hans, gjekk det berre femten år. Men kunstnarbanane deira har klare likskapar og tangerte einannan, og i både tematikk og tolking ser me klare likskapar, men òg interessante skilnadar.

Utstillinga er vorten til i eit samarbeid mellom Sofus Madsen Skulpturmuseum, Ingebrigt Vik museum og Kabuso. Flesteparten av skulpturane er henta frå dei to førstnemnde samlingane. Men me vil også takka for innlån frå Bergen Kunstmuseum, Bergen Kommune v/Bergen Bygg og eiendom KF, Neumann Holding AS, BARA Eiendommer AS og Knut Galtung Døsvig.

Tid

April 8 (Laurdag) 00:00 - Mai 21 (Sundag) 23:59(GMT+00:00)