Film: Shrek
sun08nov13:1913:19 Film: ShrekBornas Kabuso
Om arr.
Velkommen til film i Bornas Kabuso 8. november kl. 13! Me viser den moderne klassikaren Shrek frå 2001, laga av Dreamworks. Shrek:
Om arr.
Velkommen til film i Bornas Kabuso 8. november kl. 13!
Me viser den moderne klassikaren Shrek frå 2001, laga av Dreamworks.
Shrek: Det var ein gong for lenge, lenge sidan ein umedgjerleg kjempe som heitte Shrek. Han budde i eit myrhol langt, langt borte. Shrek er ein einstøing og trivst best åleine, men ein dag vert einsemda hans invadert av irriterande eventyrfigurar.
Lengde 1 t. 30 min.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 110 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2025. Vaksne går gratis i følge med barn på alle arrangementa.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Verkstadane vert til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen. Filmane vert vist i samarbeid med Norsk filmklubbforbund.