Fletteverkstad - introduksjon
tors08okt17:3021:3017:30 - 21:30 Fletteverkstad - introduksjonKurs med korgmakar Hege Aasdal
Om arr.
Bli med på flettekurs i Kabuso! Kurset er ein introduksjon til ulike naturmaterialar som kan nyttast til fletting. Korgmakar Hege Iren Aasdal er instruktør. Me har fokus på utforsking av ulike
Om arr.
Bli med på flettekurs i Kabuso! Kurset er ein introduksjon til ulike naturmaterialar som kan nyttast til fletting. Korgmakar Hege Iren Aasdal er instruktør.
Me har fokus på utforsking av ulike flettbare materialar og får læra om eigenartane deira. Deltakarane får erfaring med bruk av materialar som til dømes hassel, tæger, sjøsivaks, lindebast og furu. Til slutt lagar me eit lite objekt.
Torsdag 8. oktober kl. 17.30-21.30
Maks 6 deltakarar.
Pris 900,-
Materialar, kjeks og te/kaffi er inkludert i kursavgifta.
Påmelding ved kjøp av billett
Hege Iren Aasdal har sveinebrev som korgmakar og hadde i 2020-2023 eit stipendiat for Norsk Håndverksinstitutt. Ho brenn for å produsere korger direkte frå naturen rundt seg, og å vidareføre tradisjonar og kunnskap både om arbeide med materialar, og om fletteteknikkar. Aasdal deltar i utstillinga BØYGD som står i Kabuso.