– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Vossastubbar

fre27nov19:0019:00 VossastubbarPer Sivle med jazzensemble

Om arr.

Fredag 27. november kl 19

Signe Irene Time – vokal
Øyvind Dale – piano 
Fredrik Luhr Dietrichson – kontrabass 
Raymond S. Lavik – slagverk 
Marius Klovning – gitar 
Ida Løvli Hidle – trekkspel

Vossastubbar byr jazzfolkensemblet Significant Time på overmot, vitalitet, varme og folkeleg foreining.
Dette gjer dei for å spegla stemninga i Per Sivle sitt verk Vossastubbar, diktsamlinga som friskt og inderleg skildrar og leikar med folkeleg tenkje- og veremåte på eit gjenkjenneleg og humoristisk vis.

Omtalar:
– «Når ein har skrivekunst på så høgt nivå, er det på sin plass at nivået på musikken står i stil. Ein må seia at her står dei fjellstøtt side om side, som om Sivle sjølv stod og overvar seansen»
Vossa Jazz etterførste framføring av Vossastubbar. 
Også: 5 av 5 smalahovud i Hordalands Avis.

– «Signe Irene Time er ein fantastisk vokalist og ein scenepersonlegdom av sjeldan kaliber. Jæren forsyner nasjonen med grønsaker. Nasjonen bør kjenna si vitjingstid og omfamna Significant Time», skreiv Salt Peanuts (2023). 

 

Tid

27. nov. 2026 19:00

Billettar