Familiekonsert: Tres Musicos
sun10sep13:0013:00 Familiekonsert: Tres MusicosBornas Kabuso
Om arr.
Ta med heile familien på konsert sundag 10. september kl. 13! Latinamerikanske rytmar, dans, sand og trommespel. Møt flekkete kyr, dansande isbjørner, havfruer, brunkrabbar, esel, fårikål, varm sjokolade, karibiske krokodillar
Om arr.
Ta med heile familien på konsert sundag 10. september kl. 13!
Latinamerikanske rytmar, dans, sand og trommespel. Møt flekkete kyr, dansande isbjørner, havfruer, brunkrabbar, esel, fårikål, varm sjokolade, karibiske krokodillar og reinsdyr.
Med Ole Andre Farstad, Hades Hernándes og Alejandro Huidobro Goya.
Halve Latinamerika skal med når Los Tres Músicos trør til. Perkusjonist Hades Hernandez kjem fra ein tradisjonell musikarfamilie på Cuba. Multi-instrumentalist Ole Andre Farstad har studert musikk på dei fleste kontinent, og har mellom anna vore flamencogitarist i Sevilla. Meksikanske Alejandro Huidobro spelar både perkusjon, trekkspill og strengeinstrument.
Praktisk info:
Konserten er open for alle – og også ein del av programmet i Bornas Kabuso.
Medlemskap for BK hausten 2023 gir gratis inngang for barnet, men ein må henta ut gratisbillett her.
Ynskjer barnet ditt å bli medlem i haust? Då kan du betala for medlemskapet her og ta kontakt i resepsjonen for å få medlemskort etc.
Følge for BK-medlem og andre vaksne betalar kr 75,-
Konserten vert i kafeområdet. Ved billettbestilling: Vel eit tilfeldig sete for å gjennomføra kjøp).
Huset er ope kl 11-16 denne dagen
Kafé med barnevenleg utval
Tid
Billettar
Program
tors05nov19:0019:00 Erlend Apneseth trioHardingfelemeisterens trio
Om arr.
Torsdag 5. november kl 19 Ei unik form for folkemusikk – ispedd jazz og elektronika Erlend Apneseth – hardingfele Stephan Meidell – gitar/effektar Øyvind Hegg-Lunde – trommer/perkusjon Thorolf Thuestad – lyddesign
Om arr.
Torsdag 5. november kl 19
Ei unik form for folkemusikk – ispedd jazz og elektronika
Erlend Apneseth – hardingfele
Stephan Meidell – gitar/effektar
Øyvind Hegg-Lunde – trommer/perkusjon
Thorolf Thuestad – lyddesign