Påskeegg
tors30mar19:0019:00 PåskeeggKunstbar
Om arr.
Det nærmar seg påske og me vil i denne kunstbaren invitera til eggedekorasjonsverkstad. Verkstaden for vaksne blir ein torsdagkveld i triveleg lag; 30. mars kl 19. Vertskap og instruktør vert
Om arr.
Det nærmar seg påske og me vil i denne kunstbaren invitera til eggedekorasjonsverkstad. Verkstaden for vaksne blir ein torsdagkveld i triveleg lag; 30. mars kl 19.
Vertskap og instruktør vert Aukse Drungiliene. Ho kjem frå Litauen kor eggedekorasjon har sterke tradisjonar og vil syna oss ulike teknikkar for dette.
Praktisk info:
* Det er berekna 6 egg pr person. Ta med ferdig kokte egg sjølv – eller kjøp hos oss (velg billettkategori for dette via link under)
* Kabuso stiller med voks, fargestoff o.l.
* Kun 12 plassar
* Open kafé/bar
Tid
30. mars 2023 19:00
Billettar på nett
Program
Dato
lau07feb(feb 7)00:00sun03mai(mai 3)00:00(feb. 7) 00:00 - (mai 3) 00:00 Gillian CarsonFoajéutstilling
sun08feb13:0015:0013:00 - 15:00 MonsterverkstadBornas Kabuso
Om arr.
Velkommen til monsterverkstad i Bornas Kabuso. Drop in mellom kl. 13 og 15 den 8. februar. Monster kan vere skremmande, og i hovudet vårt ser me gjerne for oss fæle skapningar,
Om arr.
Velkommen til monsterverkstad i Bornas Kabuso. Drop in mellom kl. 13 og 15 den 8. februar.
Monster kan vere skremmande, og i hovudet vårt ser me gjerne for oss fæle skapningar, men dei kan også vere fascinerande vesen. Kunstnar Doi Kim inviterer oss til å skape eigne monster frå fantasien. Med teiknesaker, tekstil, tråd og måling blir nye vesen til, kanskje inspirert av fjorden, fjella og skogen.
Doi Kim kjem frå Sør-Korea. Ho jobbar med mange ulike materialar kor ho utforskar dei fysiske og psykologiske sidene ved mennesket gjennom fiksjon. Ho har kunstutdanning frå Sør-Korea, USA og Tsjekkia.
Under familieverkstadane får ein utfalda seg kreativt med ulike materialar og metodar. Verkstaden er utforma av ein profesjonell kunstnar som saman med vertar frå Kabuso leiar verkstaden. Kvar gong kjem ein ny kunstnar og nye oppgåver.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 110 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa våren 2026. Vaksne går gratis i følge med barn på alle arrangementa. Medlemsskapet kan kjøpast på TicketCo eller i døra.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen. Filmane vert vist i samarbeid med Norsk filmklubbforbund.
Tid
8. feb. 2026 13:00 - 15:00