Helgekurs: Smøyg og svartsaum
Om arr.
Lær å sy svartsaum og smøyg Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset får du
Om arr.
Lær å sy svartsaum og smøyg
Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset får du læra å sy smøyg. Ein vel sjølv om ein vil sy bringklut, belte, eller svartsaum til skjorte eller kaps.
Smøyg er ein svært gamal broderiteknikk, som i utsjånad liknar på veving. Den har vore mykje nytta på bringklutar og belte, og er førebiletet til dei vevde bringklutane mange nyttar i dag. Smøyg har og vore nytta på skjortekragar og på kaps, då som svartsaum.
Kurslærar er konservator på Norsk folkemuseum, Kari-Anne Pedersen. Ho har mellom anna jobba mykje med broderi på skjorter frå Telemark, som har svært forseggjorte smøygbroderi.
Tidspunkt og påmelding
Kurset vert laurdag 7. og sundag 8. oktober, på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17 kvar dag.
Påmelding til post@hvm.museum.no / tlf 474 79 884 innan 15. september
Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.
Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.
Prisar
3200,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.
3700,- pr kurs for ikkje-medlemmar
Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj begge dagane.
Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.
Overnatting
Museet har avtale med Utne hotell, som ligg rett ved museet. Deltakarar på kursa får 10% rabatt på overnatting her. Ta gjerne direkte kontakt med hotellet på reception@utnehotel.no og skriv at du skal på kurs. Overnattinga på hotellet inkluderer frukost og femrettars middag. Sjå også utnehotel.no
Det er og råd å finna overnatting gjennom t.d. Airbnb.
For spørsmål og meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no
Andre kurs finn du her
Tid
7. okt. 2023 09:30 - 8. okt. 2023 17:00
Program
Dato
lau07feb(feb 7)00:00sun03mai(mai 3)00:00(feb. 7) 00:00 - (mai 3) 00:00 Gillian CarsonFoajéutstilling
sun08feb13:0015:0013:00 - 15:00 MonsterverkstadBornas Kabuso
Om arr.
Velkommen til monsterverkstad i Bornas Kabuso. Drop in mellom kl. 13 og 15 den 8. februar. Monster kan vere skremmande, og i hovudet vårt ser me gjerne for oss fæle skapningar,
Om arr.
Velkommen til monsterverkstad i Bornas Kabuso. Drop in mellom kl. 13 og 15 den 8. februar.
Monster kan vere skremmande, og i hovudet vårt ser me gjerne for oss fæle skapningar, men dei kan også vere fascinerande vesen. Kunstnar Doi Kim inviterer oss til å skape eigne monster frå fantasien. Med teiknesaker, tekstil, tråd og måling blir nye vesen til, kanskje inspirert av fjorden, fjella og skogen.
Doi Kim kjem frå Sør-Korea. Ho jobbar med mange ulike materialar kor ho utforskar dei fysiske og psykologiske sidene ved mennesket gjennom fiksjon. Ho har kunstutdanning frå Sør-Korea, USA og Tsjekkia.
Under familieverkstadane får ein utfalda seg kreativt med ulike materialar og metodar. Verkstaden er utforma av ein profesjonell kunstnar som saman med vertar frå Kabuso leiar verkstaden. Kvar gong kjem ein ny kunstnar og nye oppgåver.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 110 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa våren 2026. Vaksne går gratis i følge med barn på alle arrangementa. Medlemsskapet kan kjøpast på TicketCo eller i døra.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen. Filmane vert vist i samarbeid med Norsk filmklubbforbund.
Tid
8. feb. 2026 13:00 - 15:00