Huldreduken - eit tekstilklenodium frå mellomalderen
tors31mar19:0021:0019:00 - 21:00 Huldreduken - eit tekstilklenodium frå mellomalderen
Om arr.
I samband med 75 års jubileet i 1992 fekk museet ei heilt spesiell gåve; ein nesten fire meter lang brodert duk frå mellomalderen. Duken vart sist vart brukt på Mølster.
Om arr.
I samband med 75 års jubileet i 1992 fekk museet ei heilt spesiell gåve; ein nesten fire meter lang brodert duk frå mellomalderen. Duken vart sist vart brukt på Mølster. Ei segn sa at duken hadde vore seks gonger lenger og eingong vart delt mellom seks systre.
Duken viser seg å høyre til ei lita gruppe på tre mellomalderdukar som syner klart slektskap og som skil seg heilt ut frå det ein elles kjenner. Alle tre dukane kjem frå Vestlandet – Voss, Veøy i Romsdalen og ein frå garden Ve i Årdal. Duken frå Sogn er så langt den mest studerte. Me har difor lenge sett fram til å høyre Siri Benjanminsen formidle kunnskapen ho har fått gjennom det spennande prosjektet » Huldreduken frå Ve – ein unik mellomalderklenodium».
Huldreduken frå Ve er frå fyrste del av 1400-tallet. Duken er over fire meter lang og har broderte bordar i smøygsaum. Det er lin i både botnstoff og broderi. Det broderte mønsteret har mange symbol og teikn frå den gamle folkekulturen. Broderiet er blått, huldrene sin farge. Eit gamalt segn kan fortelle korleis duken kom til ein gard i Årdal inst i Sognefjorden. På kva måte var Huldreduken i bruk i middelalderen? Kan duken ha vore ein gildeduk, brukt ved seremonielle hendingar? I kva grad kan kunnskapen om duken frå Ve overførast til duken me har på Voss.
Siri Benjaminsen er utdanna landskapsarkitekt frå Norges landbrukshøgskule. Ho gjekk på tekstilkulturstudie på Vestnorsk kulturakademi, Voss. Benjaminsen har hatt utstillingar, føredrag og smøygkurs relatert til prosjektet om middelaldertekstilet Huldreduken. Ho er i dag leiar i Sogn Bunadnettverk.
Billettpris kr 150/100 (medlem)
Tid
31. mars 2022 19:00 - 21:00
Program
Dato
lau07feb(feb 7)00:00sun03mai(mai 3)00:00(feb. 7) 00:00 - (mai 3) 00:00 Gillian CarsonFoajéutstilling
sun08feb13:0015:0013:00 - 15:00 MonsterverkstadBornas Kabuso
Om arr.
Velkommen til monsterverkstad i Bornas Kabuso. Drop in mellom kl. 13 og 15 den 8. februar. Monster kan vere skremmande, og i hovudet vårt ser me gjerne for oss fæle skapningar,
Om arr.
Velkommen til monsterverkstad i Bornas Kabuso. Drop in mellom kl. 13 og 15 den 8. februar.
Monster kan vere skremmande, og i hovudet vårt ser me gjerne for oss fæle skapningar, men dei kan også vere fascinerande vesen. Kunstnar Doi Kim inviterer oss til å skape eigne monster frå fantasien. Med teiknesaker, tekstil, tråd og måling blir nye vesen til, kanskje inspirert av fjorden, fjella og skogen.
Doi Kim kjem frå Sør-Korea. Ho jobbar med mange ulike materialar kor ho utforskar dei fysiske og psykologiske sidene ved mennesket gjennom fiksjon. Ho har kunstutdanning frå Sør-Korea, USA og Tsjekkia.
Under familieverkstadane får ein utfalda seg kreativt med ulike materialar og metodar. Verkstaden er utforma av ein profesjonell kunstnar som saman med vertar frå Kabuso leiar verkstaden. Kvar gong kjem ein ny kunstnar og nye oppgåver.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 110 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa våren 2026. Vaksne går gratis i følge med barn på alle arrangementa. Medlemsskapet kan kjøpast på TicketCo eller i døra.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen. Filmane vert vist i samarbeid med Norsk filmklubbforbund.
Tid
8. feb. 2026 13:00 - 15:00