Visuelle nabolag
Om arr.
Nasjonalmuseet med skråblikk på eiga samling; syner uventa fellestrekk mellom kunst, design og arkitektur. Nasjonalmuseet si samling inneheld vidt ulike disiplinar som skulptur, arkitekturskisser, møblar, video, kunsthandverk, foto, grafisk formgjeving, maleri,
Om arr.
Nasjonalmuseet med skråblikk på eiga samling;
syner uventa fellestrekk mellom kunst, design og arkitektur.
Nasjonalmuseet si samling inneheld vidt ulike disiplinar som skulptur, arkitekturskisser, møblar, video, kunsthandverk, foto, grafisk formgjeving, maleri, tekstil og industridesign.
Men kva skjer når ein set slike ulike kunstnarlege uttrykk og media opp mot kvarandre i ei og same utstilling?
Visuelle nabolag utfordrar publikum til å utforska uventa møtepunkt mellom kunst, design og arkitektur som fordrar til nye kunsthistorier. Gjennom ufrivillige likskapstrekk mellom ulike media eller tematiske kontrastar søkjer utstillinga å visa korleis kunsten frå ulike epokar kan spegla museet si historie og samfunnet me lever i i dag.
Kunstnarar som er representerte i utstillinga er m.a.:
- Andy Warhol
- Peter Opsvik
- Hans Gude
- Stiletto
- Kåre Kivijärvi
- Helen & Hard
- Per Kleiva
Les meir her:
Foto, øverst: Andy Warhol – Portrett av Kronprinsesse Sonja (1982)

Stiletto (Frank Schreiner) – Consumers rest – 1990

Tema kunst og konsum. Foto: Nasjonalmuseet

Finn du fellestrekka? Foto: Nasjonalmuseet

Per Kleiva – Blad fra imperialismens dagbok 2. Foto: Nasjonalmuseet
Foto Aukse Drungiliene
Tid
29. okt. 2020 00:00 - 17. januar 2021 00:00
Program
Dato
lau23aug13:0017:0013:00 - 17:00 Seminar: Glacial feelings
Om arr.
Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once. I seminaret ynskjer me å
Om arr.
Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once.
I seminaret ynskjer me å sjå nærare på den pågåande klimakrisa, først og fremst gjennom kunsten si linse og den personlege erfaringa, men òg med dei kalde, vitskaplege fakta som er kjente for oss til no.
Me spør korleis me kan leve med, og reagere på, det som utfaldar seg kring oss, samstundes som me held håpet oppe.
Inviterte deltakarar er:
Professor Jostein Bakke frå Universitetet i Bergen
Kunstnar Jana Winderen
Kunstteoretikar Dr. Anthea Buys
I tillegg: Kunstnar James Webb og kurator Sissel Lillebostad
Frå Kabuso kan ein sjå ein snipp av Folgefonna, Noregs sørlegaste isbre.
Den er, som dei andre breane me kjenner til, i ferd med å smelte, og det går raskare enn me trudde for berre nokre få år tilbake.
Utstillinga har som sitt sentrale element ein installasjon som stiller 151 spørsmål direkte til Folgefonna; kunstnaren spør mellom anna om kva minner isbreen har, om frykt og opplevinga av transformasjon.
Spørsmåla blir lesen både på norsk og engelsk og kan høyrast i rommet via tre høgtalarar, retta mot fonna.
Isbreen svarer ikkje på noko språk me menneske kan forstå, men i dei stille pausane som følger kvart spørsmål kan publikum projisere eigne tankar og svar.
Praktisk info:
Seminaret er gratis, men me ber om at du hentar ut ein billett via linken
Tid
23. aug. 2025 13:00 - 17:00
Billettar på nett
lau06sep(sep 6)00:00sun19okt(okt 19)00:00(sept 6) 00:00 - (okt. 19) 00:00 Vestlandsutstillingen 2025