Marius Moldvær
lau07febHeile dagensun01mar(Heile dagen) Marius MoldværHeimat/Hiraeth
Om arr.
Marius Moldvær sitt kunstnariske virke er plassert i kryssingspunktet mellom natur og kultur; korleis landskap framstår som ein rein fysisk form, korleis det er vidare forma gjennom menneskeleg påverknad, og
Om arr.
Marius Moldvær sitt kunstnariske virke er plassert i kryssingspunktet mellom natur og kultur; korleis landskap framstår som ein rein fysisk form, korleis det er vidare forma gjennom menneskeleg påverknad, og korleis stader vert konstruerte både fysisk, kulturelt og mentalt.
I utstillinga HEIMAT/HIRAETH ved Kabuso 7. februar til 1. mars 2015 vil Moldvær gå djupare inn i temaet heim, då både med utgangspunkt i sin eigen heimstad Aurland, samt dei to uttrykka Heimat og Hiraeth. Mellom den fysiske heimstaden og dei to uoversettbare orda, ynskjer Moldvær å diskutera korleis ein kan kjenna seg igjen i eit landskap, korleis ein kan tilhøyre ein fysisk stad, lengte tilbake til han, samstundes som «heim» er noko uhandterleg, utan grenser og fysiske rammer. Det er denne todelte forståinga av Heim som Moldvær vil forsøka å føra saman i utstillinga Heimat/Hiraeth, der han meiner at ei forståing av Heim som anten eit fysisk landskap eller ei emosjonell kjensle er utilstrekkkeleg; det er heller i symbiosen mellom desse to forståingane at kompleksisteten og den fulle utstrekninga av heim kan verta funnen.
Tid
7. feb. 2015 - 1. mars 2015 (Heile dagen)
Program
Dato
lau23aug13:0017:0013:00 - 17:00 Seminar: Glacial feelings
Om arr.
Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once. I seminaret ynskjer me å
Om arr.
Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once.
I seminaret ynskjer me å sjå nærare på den pågåande klimakrisa, først og fremst gjennom kunsten si linse og den personlege erfaringa, men òg med dei kalde, vitskaplege fakta som er kjente for oss til no.
Me spør korleis me kan leve med, og reagere på, det som utfaldar seg kring oss, samstundes som me held håpet oppe.
Inviterte deltakarar er:
Professor Jostein Bakke frå Universitetet i Bergen
Kunstnar Jana Winderen
Kunstteoretikar Dr. Anthea Buys
I tillegg: Kunstnar James Webb og kurator Sissel Lillebostad
Frå Kabuso kan ein sjå ein snipp av Folgefonna, Noregs sørlegaste isbre.
Den er, som dei andre breane me kjenner til, i ferd med å smelte, og det går raskare enn me trudde for berre nokre få år tilbake.
Utstillinga har som sitt sentrale element ein installasjon som stiller 151 spørsmål direkte til Folgefonna; kunstnaren spør mellom anna om kva minner isbreen har, om frykt og opplevinga av transformasjon.
Spørsmåla blir lesen både på norsk og engelsk og kan høyrast i rommet via tre høgtalarar, retta mot fonna.
Isbreen svarer ikkje på noko språk me menneske kan forstå, men i dei stille pausane som følger kvart spørsmål kan publikum projisere eigne tankar og svar.
Praktisk info:
Seminaret er gratis, men me ber om at du hentar ut ein billett via linken
Tid
23. aug. 2025 13:00 - 17:00
Billettar på nett
lau06sep(sep 6)00:00sun19okt(okt 19)00:00(sept 6) 00:00 - (okt. 19) 00:00 Vestlandsutstillingen 2025