Undervisning

Tilbod for skule og barnehage
Skuleklassar og barnehagar er velkomne til å besøka Kabuso. Me tilbyr alderstilpassa undervisningstilbod til alle utstillingane våre. Besøka er gratis. Den kulturelle skulesekken i Kvam dekkar skyss for 1.-10. trinn for skulane i Kvam.
Det er undervisningsopplegg til den aktuelle utstillinga til eikvar tid. I tillegg er det eigne opplegg for Ingebrigt Vik museum og Hardanger Skyspace.
Ta kontakt med formidlaren i Kabuso for å sjå tilboda våre og avtala tid.