Open visning
lau01nov16:4916:49 Open visningHardanger Skyspace
Om arr.
Vel møtt til ei gratis og open visning i Hardanger Skyspace laurdag 1. november! Me fyrer opp i bålpanna, serverer varm eplegløgg og svarar på dine spørsmål frå kl. 16.40.
Om arr.
Vel møtt til ei gratis og open visning i Hardanger Skyspace laurdag 1. november!
Me fyrer opp i bålpanna, serverer varm eplegløgg og svarar på dine spørsmål frå kl. 16.40.
Visninga denne dagen er mellom 16.49 og 17.37. Kom innom og opplev delar eller heile visninga*!
Hugs å kle deg etter temperaturen og vêret ute.
Det permanente kunstverket Hardanger Skyspace er signert den amerikanske kunstnaren James Turrell .
I form av ein åttekanta bygning med opning i taket og sitjeplassar til 18 personar, gir kunstverket ei unik oppleving av farge, himmel, rom og lys.
Ved demring og skumring vert rommet fylt med farga lys som verkar inn på opplevinga av himmelflata.
Lat deg bli forbløffa over kva du ser!
Vêrtilhøve og årstid verkar inn på opplevinga, slik at kvart besøk vert unikt.
*Om det vert mange som møter opp slepp me folk inn i Skyspace i puljer.
Tid
1. nov. 2025 16:49
Program
Dato
lau06sep(sep 6)00:00sun19okt(okt 19)00:00(sept 6) 00:00 - (okt. 19) 00:00 Vestlandsutstillingen 2025