Thrash mob
lau08mar14:3014:30 Thrash mobUng samtidsdans
Om arr.
Opplev danseførestillinga Thrash Mob i utstillingsalen 8. mars kl 14.30! Thrash Mob er ei førestilling som undersøker sosiale koreografiar, alternative dansehistorier og handlingsrom for unge på offentlege stadar.
Om arr.
Opplev danseførestillinga Thrash Mob i utstillingsalen 8. mars kl 14.30!
Thrash Mob er ei førestilling som undersøker sosiale koreografiar, alternative dansehistorier og handlingsrom for unge på offentlege stadar.
Tittelen er eit ordspel over rørsletypen thrashing frå punkens pogo mobs – med eit vink til at flashmobs både er ein del av aktivistiske rørsler og som på 2000-tallet vart ein kommersiell trend som forsvant like fort som han kom.
Prosjektet finn inspirasjon i historiske forekomster av dans, som har leikt med og forstyrra samfunnsorden, som for eksempel dansepesten på 1500-talet i Strasbourg.
Sjå for deg at dansepesten aldri forlot Europa. Samstundes med den kontinuerlege institusjonaliseringa av dans, fortsette kroppen å avvisa konformitet og insisterte på å uttrykka seg i utbrot.
I Thrash Mob har ein koreograf slått seg saman med ESC ungdomskompani for samtidsdans for å dykka ned i ei alternativ dansehistorie om opprør.
Forestillinga er skapt av av den danske koreografen Ar Utke Ács (DK).
Produsert av Bergen dansesenter og co-produsert av BIT teatergarasjen
Lydkomposisjon: Dragongirl/Nikoline Ursin (NO)
Kostymer er laget av dragartisten Butcher Queen/Rufus Backman (SE/CL)
Bill:
Førestillinga er inkludert i utstillingsbillett – vend deg til resepsjonen for denne
Skal du på Kakaokonsert? Kjøp gjerne pakke med billet til konsert/utstillig/Thrash Mob her
Tid
8. mars 2025 14:30
Program
Dato
lau23aug13:0017:0013:00 - 17:00 Seminar: Glacial feelings
Om arr.
Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once. I seminaret ynskjer me å
Om arr.
Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once.
I seminaret ynskjer me å sjå nærare på den pågåande klimakrisa, først og fremst gjennom kunsten si linse og den personlege erfaringa, men òg med dei kalde, vitskaplege fakta som er kjente for oss til no.
Me spør korleis me kan leve med, og reagere på, det som utfaldar seg kring oss, samstundes som me held håpet oppe.
Inviterte deltakarar er:
Professor Jostein Bakke frå Universitetet i Bergen
Kunstnar Jana Winderen
Kunstteoretikar Dr. Anthea Buys
I tillegg: Kunstnar James Webb og kurator Sissel Lillebostad
Frå Kabuso kan ein sjå ein snipp av Folgefonna, Noregs sørlegaste isbre.
Den er, som dei andre breane me kjenner til, i ferd med å smelte, og det går raskare enn me trudde for berre nokre få år tilbake.
Utstillinga har som sitt sentrale element ein installasjon som stiller 151 spørsmål direkte til Folgefonna; kunstnaren spør mellom anna om kva minner isbreen har, om frykt og opplevinga av transformasjon.
Spørsmåla blir lesen både på norsk og engelsk og kan høyrast i rommet via tre høgtalarar, retta mot fonna.
Isbreen svarer ikkje på noko språk me menneske kan forstå, men i dei stille pausane som følger kvart spørsmål kan publikum projisere eigne tankar og svar.
Praktisk info:
Seminaret er gratis, men me ber om at du hentar ut ein billett via linken
Tid
23. aug. 2025 13:00 - 17:00
Billettar på nett
lau06sep(sep 6)00:00sun19okt(okt 19)00:00(sept 6) 00:00 - (okt. 19) 00:00 Vestlandsutstillingen 2025