Handboren og veggfast
Om arr.
Årets siste utstilling i Kabuso har fått tittelen Handboren og veggfast og har teikning som tema. Verk av Imi Maufe, Per Dybvig, Susanna Kajermo, Xueting Yang, Tord Torpe og Kristen
Om arr.
Årets siste utstilling i Kabuso har fått tittelen Handboren og veggfast og har teikning som tema.
Verk av Imi Maufe, Per Dybvig, Susanna Kajermo, Xueting Yang, Tord Torpe og Kristen Keegan.
Utstillingsperiode: 7. oktober-30. desember. Merk at 28. oktober vert ikkje filmane til Per Dybvig og Tord Torpe vist grunna arrangement i konsertsalen.
Om utstillinga:
I Handboren og veggfast ynskjer Kabuso å sjå nærare på analoge medium som kunstnarbøker, animasjonsfilmar, teikneseriar og veggteikningar. Me søkjer å vise nokre få av moglegheitene som ligg i materialet, i teikninga og kunstnarboka sitt store mangfald. Samstundes vil me strekkje opp eit spenn mellom det vesle (handborne) og det store (veggfaste) formatet. Tanken bak er mellom anna å inspirere deg til å gle deg over dei nærast uendelege moglegheitene som ligg i bok og vegg – med papir, kritt, tusj, litt maling, saks og gardintrapp – og prøve det ut i verkstadar utforma av kunstnarane i prosjektet.
Deltakande kunstnarar:
Per Dybvig bur og arbeider i Berlin og Stavanger. Dybvig utforskar teikning gjennom ulike format, teknikkar og uttrykk. Sentralt i kunstnarskapen hans står store landskap i blekk og nyhende-teikning på papir. Dybvig publiserer eigne biletbøker og han arbeider som illustratør med nokre av landets leiande forfattarar. Praksisen har i seinare tid vakse til å omfatte skulptur og animasjon. I utstillinga viser me eit utval teikningar frå tre av hans stop-motion-animasjonsfilmar parallelt med at filmane vert vist på stort lerret i konsertsalen.
Susanna Kajermo bur og arbeider i Sverige. Ho har utdanninga si frå Gerlesborgsskolan i Stockholm og Kunsthøgskolen i Bergen. Kajermo skapar detaljerte teikningar og kollasjar i forskjellige format. Motiva er både realistiske og med drag frå det mytiske, med slektskap til surrealismen sine forskyvingar av røynda. Ho har også laga illustrasjonar, som i boka Hauk av Sivert Nesbø og Kajermo (2019), og boka På ei trapp i universet: dikt av Marit Kaldhol (2022). I utstillinga viser ho teikning og ein kortstokk som også kan spelast med.
Kristen Keegan er ein kanadisk kunstnar med mastergrad i kunst frå KMD, Bergen. Ho bur i Bergen og arbeider med maleri, installasjonar og publikasjonar. Keegan utforskar abstraksjonar av farge, til dømes gjennom å nytte flytande farge og voks på tekstil. Dei siste åra har ho hatt separatutstillingar ved Tekstilindustrimuseet (Salhus, 2022), LNM (Oslo, 2021), Konstepidemin (Gøteborg, 2021) og Hordaland kunstsenter (Bergen, 2019), og verka hennar blei vist på Årsutstillingen 22 på Drammen museum. Keegan er innkjøpt til samlingar i Canada, USA og Norge, inkludert Universitetet i Bergen (KMD bibliotek) og KODE museum. I utstillinga viser ho tekstile verk som leikar med dei optiske og taktile moglegheitene i bokformatet.
Imi Maufe arbeider med grafikk, bøker, tekst, installasjonar, interaksjonar og dokumenterer eigne reiser og kvardagsopplevingar. I 2013 var Maufe med på å etablere Codex Polaris for kunstnarar som arbeider med bøker i Norden. Maufe er representert i internasjonale og private samlingar, har ein mastergrad i multidisiplinær grafikk frå The University of the West of England, Bristol. Eit av verka hennar i utstillinga er bygd på ein serie observasjonar av ulike skilt og symbol funne under ei vekes opphald i Øystese.o teikning og ein kortstokk som også kan spelast med.
Tord Torpe har mastergrad frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Han har deltatt på fleire utstillingar, sist i Jakta på Makta, Stortinget (2023), Avistegnernes årskavalkade på Stortinget (2022), og på Tegnerforbundet i Oslo (2019), der han viste utdrag frå teikneserieboka Kjøt (Magikon 2018). Boka fekk gull i kategorien teikneserier ved prisutdelinga Årets Vakreste Bøker 2019. Torpe har også vist animasjonar på festivalar i Noreg, Skottland og Kina. Han er aktiv som illustratør i norske aviser, som BT og Morgenbladet. I utstillinga kombinerer han teikning rett på vegg med innramma teikningar.
Xueting Yang er ein kinesisk teikneserieskapar og illustratør som no bur i Oslo. Ho debuterte med teikneserieboka Et annet sted i 2014, der ho skildrar det å flytte til Noreg. Yang hentar inspirasjon både frå klassisk kinesisk illustrasjon og frå ein vestleg tradisjon. Et annet sted fekk Kulturdepartementets teikneseriepris og sølv i Årets vakreste bøker. I utstillinga viser me utdrag frå teikneserien Kjøkken, hennar siste bok publisert i 2022. I Kjøkken vekslar sjangrane mellom sosialrealisme og burlesk magisk realisme, og boka vant gull i Årets vakreste bøker.
Tid
7. okt. 2023 00:00 - 30. desember 2023 00:00
Program
Dato
lau07feb(feb 7)00:00sun03mai(mai 3)00:00(feb. 7) 00:00 - (mai 3) 00:00 Gillian CarsonFoajéutstilling
sun08feb13:0015:0013:00 - 15:00 MonsterverkstadBornas Kabuso
Om arr.
Velkommen til monsterverkstad i Bornas Kabuso. Drop in mellom kl. 13 og 15 den 8. februar. Monster kan vere skremmande, og i hovudet vårt ser me gjerne for oss fæle skapningar,
Om arr.
Velkommen til monsterverkstad i Bornas Kabuso. Drop in mellom kl. 13 og 15 den 8. februar.
Monster kan vere skremmande, og i hovudet vårt ser me gjerne for oss fæle skapningar, men dei kan også vere fascinerande vesen. Kunstnar Doi Kim inviterer oss til å skape eigne monster frå fantasien. Med teiknesaker, tekstil, tråd og måling blir nye vesen til, kanskje inspirert av fjorden, fjella og skogen.
Doi Kim kjem frå Sør-Korea. Ho jobbar med mange ulike materialar kor ho utforskar dei fysiske og psykologiske sidene ved mennesket gjennom fiksjon. Ho har kunstutdanning frå Sør-Korea, USA og Tsjekkia.
Under familieverkstadane får ein utfalda seg kreativt med ulike materialar og metodar. Verkstaden er utforma av ein profesjonell kunstnar som saman med vertar frå Kabuso leiar verkstaden. Kvar gong kjem ein ny kunstnar og nye oppgåver.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 110 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa våren 2026. Vaksne går gratis i følge med barn på alle arrangementa. Medlemsskapet kan kjøpast på TicketCo eller i døra.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen. Filmane vert vist i samarbeid med Norsk filmklubbforbund.
Tid
8. feb. 2026 13:00 - 15:00