– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Sirocco og Vindens rike

sun01mar13:0015:0013:00 - 15:00 Sirocco og Vindens rikeBornas Kabuso

Om arr.

Bornas Kabuso viser Sirocco og Vindens rike. Søstrene Julie og Kaja finn ein hemmeleg passasje inn i favorittboka si. Der vert dei forvandla til fantasidyr og fanga i fantasiuniverset. For å komme heim att må dei finne Sirocco, ein mektig og mystisk person som herskar over vindene. 

1 t. 14 min. 6 år – tillat for alle med følge
Teiknestund etter filmen

Inga påmelding. Medlemskap i klubben kostar 110 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa våren 2026. Vaksne går gratis i følge med barn på alle arrangementa. Medlemskapet kan kjøpast på TicketCo eller i døra. 

Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen. Filmane vert vist i samarbeid med Norsk filmklubbforbund.   

Tid

1. mars 2026 13:00 - 15:00