– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Trygve Seim Ensemble

tors04sep19:0020:3019:00 - 20:30 Trygve Seim Ensemble

Om arr.

Torsdag 4. september kl 19

Nattjazz i Bergen skreiv følgande då Trygve Seim Ensemble sist spelte konsert der i 2021:
«Trygve Seim har ein enorm melodisk teft, veit å få det beste ut av medmusikarane sine, og det er ein fryd å lytta til dei detaljerte omvegane han tar undervegs i musikken.
Med sine lyriske komposisjonar er det naturleg at Seim fekk merksemd frå Manfred Eicher, noko som har resultert i ei stor mengde plater på ECM Records. Med seg har han ei handplukka gruppe, kvar for seg instrumentalistar i verdsklasse, og saman lagar dei vakker musikk for hjarte og hjerne».  

Trygve Seim – saksofonar
Torben Snekkestad – saksofonar
Embrik Snerte – fagott, kontraforte
Håvard Lund – klarinettar
Eivind Lønning – trompet
Øyvind Brække – trombone
Lars Andreas Haug – tuba
Alejandra Conde-Campos – cello
Frode Haltli – trekkspel
Patrycja Wybranczyk – trommer

Trygve Seim Ensemble har ei unik instrumentsamansetjing, og medlemmene er svært dyktige ensemblemusikarar som òg er framifrå solistar.
Ensemblet feirar i år 25-årsjubileum for debut-albumet Different Rivers (2000) og Trygve Seims ECM-debut.

Under konserten i Kabuso vil ensemblet framføra høgdepunkt frå dette albumet og ensemblet si andre ECM-utgjevingar, Sangam.
I tillegg får me høyra musikk frå tingingsverket Reis (Vossajazz 2006) og musikk Seim har komponert for ensemblet i løpet av dei siste åra.

Bill 250,-

https://kabuso.ticketco.events/no/nb/e/trygve_seim_ensemble

Tid

4. sept 2025 19:00 - 20:30

Billettar på nett