Omvising
sun04okt13:00sun14:0013:00 - 14:00 OmvisingIngebrigt Vik museum
Om arr.
Bli med på omvising i skulpturmuseet frå 1934. Omvisinga er inkludert i inngangsbilletten. Oppmøte i Kabuso. Ingebrigt Vik museum rommar arbeida
Om arr.
Bli med på omvising i skulpturmuseet frå 1934. Omvisinga er inkludert i inngangsbilletten. Oppmøte i Kabuso.
Ingebrigt Vik museum rommar arbeida etter bilethoggar Ingebrigt Vik (1867-1927). Kunstnaren testamenterte samlinga til heimbygda Øystese, og museet vart det første reine skulpturmuseet på den norske landsbygda då det opna dørene i 1934. Museet i den særmerkte åttekanta bygningen inneheld verk av Vik i bronse, gips, leire og marmor – frå skisser til signerte verk.
Vik er kjend for si stillferdige og presise skildring av menneskekroppen, med undertonar av melankoli. I første del av 1900-talet var han ein av dei fremste bilethoggarane i landet, og skulpturane vart premiert då dei vart stilte ut i Paris, kor han budde gjennom fleire år.
Skulpturane til Vik finst i fleire større kunstsamlingar, som Nasjonalmuseet og Kode Bergen. Portrettstatua Edvard Grieg (1917) står i Byparken i Bergen, medan Ynglingen (1913) er å finna i Teaterparken i same by.
Opplev skulpturane tett på i Ingebrigt Vik museum!
Inngangsbilletten inkluderer og inngang i Vestlandsutstillingen som har sin siste visningsdag i Kunsthuset Kabuso denne dagen.
Tid
(Sundag) 13:00 - 14:00
Program
Denne månaden
Arr.type
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling