– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Lars Korff Lofthus/ Ingrid Toogood/ Bjørn Båsen

lau07feb(feb 7)00:00sun03mai(mai 3)00:0000:00 - (mai 3) 00:00 Lars Korff Lofthus/ Ingrid Toogood/ Bjørn BåsenUtstilling

Om arr.

07.02 – 03.05.26 
Lars Korff Lofthus, Ingrid Toogood og Bjørn Båsen
Tre malarar om ornamentikk og rom


Ein viktig del av å jobbe med maleri er å bestemme seg for kvafor eit rom ein ynskjer å skape. Gjennom historia har dette endra seg mange gonger. Nokon gonger har det vore viktig at maleriet skal vere så «flatt» som mogleg. Andre gonger har det vore viktig å skape store tredimensjonale rom. Denne utstillinga viser tre kunstnarar som er oppteken av kva dette rommet kan vere.
I tillegg til det reint maleriske rommet ynskjer dei å undersøke korleis sjølve gallerirommet kan bli ein del av samtalen.

Eit anna felletrekk for dei tre kunstnarane er interessa for ornament. Folk har alltid laga ornament på bygningar, møblar og interiør. Dette kan vere for å symbolisere meining og verdi, identifisere bruken, finne rytme og skape samhald og identitet.
I arbeida til Toogod, Båsen og Lofthus får ornamenta fleire roller. Dei kan peike på større forteljingar, stille spørsmål ved kva som er ekte, eller sende betraktaren i ein uventa retning.

Foto: Utsnitt av verk av Lars Korff Lofthus

 

Tid

7. feb. 2026 00:00 - 3. mai 2026 00:00