– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

To heimkomneĀ 

tors27okt20:0020:00 To heimkomneĀ Ruth Lillegraven & Agnes Ravatn

Om arr.

Torsdag 27. oktober byr Kabuso inn til ein skikkeleg kulturkveld med Ruth Lillegraven og Agnes Ravatn med fleire:
Det blir hĆøgtlesing, samtale og musikk.

Dersom salongkultur og eleverte samtalar over ein iskald absint er livet for deg, vil truleg bygda bli ein stor skuffelse.
For det er neimen ikkje sikkert du finn nokon her Ć„ diskutere Heidegger med, om det skulle vere din store lidenskap (men det er som regel alltid eit par som lever som Wittgenstein).
Til gjengjeld vil du straks fÄ hjelp om du treng nokon til Ä brøyte, naboar kjem pÄ døra med sengemat dersom du har fødd, lÄner deg stillaset sitt og deler uoppfordra gamle stauder med deg.

Agnes Ravatn, frÄ kronikken «Det verste med Ä bu pÄ bygda. Ein rural-pandemisk flyktningeguide.» 

Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven har til felles at dei har flytta heim, Agnes til Sveio og Ruth til Granvin. Korleis blir det Ä skrive og skape, derifrÄ? Ser ein nærare etter finst det meir Ä utforske i likskapane mellom dei to forfattarane. Briljansen i èin sjanger, leiken med mange andre, til dømes. Kva meir? Journalist og forfattar Kjersti Mjør leier samtalen mellom dei to heimkomne. Tonefylgje ved Annlaug Børsheim. 

Programmet er i samarbeid med Rom for ord.Ā 

Foto:
Av Ruth Lillegraven (Ćøverst) Ā© Paal Audestad
Av Agnes Ravatn Ā© Agnete Brun

Tid

27. okt. 2022 20:00

Billettar pƄ nett