– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Utstillingsopning

lau28sep14:00UtstillingsopningBrynhild Grødeland Winther / Eivind Lentz

Publikum med noko godt i glaset

Om arr.

Vel møtt til opning av Brynhild Grødeland Winther si utstilling laurdag 28. september kl 14!

Brynhild Grødeland Winther (1981) har ein mastergrad frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ho bur og arbeidar i same by.
Dei seinare åra har ho hatt separatutstillingar ved m.a. Vestfold kunstsenter (Tønsberg), Kunstgarasjen (Bergen), Hå Gamle Prestegård (Jæren) og Haugesund billedgalleri.
Grødeland Winther har delteke fleire gongar på Høstutstillingen og Vestlandsutstillingen. Verka hennar er kjøpt inn av m.a. Equinor, Stavanger kommune, Asker kommune Sparebanken Vest (Bergen), Haugalandmuseet, OsloMet og KORO.
Ho er og aktiv skribent og skriv mellom anna kritikkar i Billedkunst. Ho har motteke ei rekkje stipend og residency-opphald og har hatt fleire verv i kunstnarorganisasjonar.

Opplev utstillinga i perioden 28.9-29.12 2024

>> Sjå nettstaden til Winther