Heavykatten
lau04okt15:0016:0015:00 - 16:00 HeavykattenFamilieførestilling
Om arr.
Laurdag 4. oktober kl 15 Heavykatten rockar Kabuso! Ta med ungane for eit energisk treff og god musikalsk barneoppdraging. Stig Lundblad-Sandbakk: vokal og gitar Roald Kaldestad: sologitar og kor Roy Ole Førland:
Om arr.
Laurdag 4. oktober kl 15
Heavykatten rockar Kabuso!
Ta med ungane for eit energisk treff og god musikalsk barneoppdraging.
Stig Lundblad-Sandbakk: vokal og gitar
Roald Kaldestad: sologitar og kor
Roy Ole Førland: bass
I denne forrykande familieforestillinga får me eit musikalsk møte med figurane Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Philip, kjende frå fleire bøker av Roald Kaldestad.
Me er i øvingsrommet til eit band som ønsker å spela tøff heavy-musikk. Bandet lagar låtar sjølv, og bassisten og den eine gitaristen er i gang med øvinga når publikum kjem.
Men det er ikkje enkelt å spela tøff musikk når dei ikkje har nokon som kan spela på det flotte trommesettet.
Det blir ikkje enklare av at den andre gitaristen har heilt andre ting i hovudet når han endeleg dukkar opp.
Passar for små og store frå ca. 4 år.
Illustrasjon: Ella K. Okstad
Kanskje de vil læra dykk teksten til Heavy natta lang medan de ventar?
Teksten:
Klokka er tolv,
og eg har kje ro i halen.
No skal eg spela heavy,
så det ljomar nedi dalen./ Heavyrock er livet,
ja, eg seier det igjen:
Om du synest det er for høgt
så er du ikkje min venn. /For det er heavy, heavy, natta lang.
Heavy, heavy, natta lang.Eg er heavykatten.
Eg er ikkje redd for vatn.
Eg er tøff, rå, best på scenen,
med god lyd i gitaren.
/ Heavyrock er livet,
ja, eg seier det igjen:
Om du synest det er for høgt
så er du ikkje min venn. /
For det er heavy, heavy, natta lang.
Heavy, heavy, natta lang.
Tid
4. okt. 2025 15:00 - 16:00
Billettar på nett
Program
Dato
lau07feb(feb 7)00:00sun03mai(mai 3)00:00(feb. 7) 00:00 - (mai 3) 00:00 Gillian CarsonFoajéutstilling