Foredrag Opplut og belte
sun05mar14:0014:00 Foredrag Opplut og belteKristin Gulbrandsen og Mikkel Tin
Om arr.
Sundag 5. mars kl 14 inviterer Hardanger folkemuseum til to spennande foredrag knytt til utstillinga Opplut og belte. Etter foredraga vert det omvising i utstillinga. Museet og kafeen er ope
Om arr.
Sundag 5. mars kl 14 inviterer Hardanger folkemuseum til to spennande foredrag knytt til utstillinga Opplut og belte. Etter foredraga vert det omvising i utstillinga. Museet og kafeen er ope frå 13 – 18.
Handel og tekstile varer
Dei norske folkedraktene utgjer eit stort og variert materiale. Feltarbeid og registrering av gamle plagg gjev oss stadig ny kunnskap. Materialane som er brukt i plagga vi finn, kan fortelja oss noko om forholdet mellom heimeproduksjon og handelsvarer. Materialkvalitetar kan også fortelja oss mykje om kva tidsrom eit plagg har vore i bruk.
Kristin Gulbrandsen arbeider som fagkonsulent ved Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt. Ho arbeider særleg med rekonstruksjon, der bindingslære og materialkunnskap er viktig, for å kunne tolke det gamle materialet på ein god måte.
Draktbeltet: meir enn ei praktisk sak
Beltet har ein utvilsam praktisk funksjon – men og ein estetisk og ein symbolsk funksjon. Det gjeld særleg beltet sin symbolikk: Når me spenner beltet kring livet, deler me oss i ein respektabel øvre del og ein farlig nedre del. Beltet hjelper oss til å samla oss og kontrollera oss; men før eller sidan opnar me det og gjer slepp. Beltet er ei form og ei norm som høyrer kulturen til; utan belte er det naturen som rår. Brurebeltet er eit kunstferdig tjor som viser at brura er ærbar og kan og vil tygla sine drifter; men ved nærare ettersyn ser ein at utsmykkinga på belte hennar samtidig signaliserer ein mogligheit og ein villigheit til det som på sjølve bryllaupsnatta skal sikra garden fruktbarheit og avkom.
Mikkel B. Tin har doktorgrad i filosofi og har vore professor ved Universitetet i Sørøst-Norge, først i tradisjonskunst, sidan i kulturfilosofi. Han har gitt ut fleire bøker om folkekunst og kulturhistorie, mellom anna De første formene – Folkekunstens abstrakte formspråk og Spilleregler og spillerom – tradisjonens estetikk. Som sjefskonservator ved Drammens Museum 2018-2021 kuraterte han den faste utstillinga «Hverdagshest og høytidshest» og utgav samtidig boken Kapitler av hestens kulturhistorie.
Dette vert siste dag med utstillinga Opplut og belte. Museet har og ope i kafeen der me byr på både betasup og kaker.
Billettar 180/200,-
Foto: Silje Solvi
Tid
5. mars 2023 14:00
Billettar på nett
Arr. på Facebook
Program
Dato
lau23aug13:0017:0013:00 - 17:00 Seminar: Glacial feelings
Om arr.
Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once. I seminaret ynskjer me å
Om arr.
Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once.
I seminaret ynskjer me å sjå nærare på den pågåande klimakrisa, først og fremst gjennom kunsten si linse og den personlege erfaringa, men òg med dei kalde, vitskaplege fakta som er kjente for oss til no.
Me spør korleis me kan leve med, og reagere på, det som utfaldar seg kring oss, samstundes som me held håpet oppe.
Inviterte deltakarar er:
Professor Jostein Bakke frå Universitetet i Bergen
Kunstnar Jana Winderen
Kunstteoretikar Dr. Anthea Buys
I tillegg: Kunstnar James Webb og kurator Sissel Lillebostad
Frå Kabuso kan ein sjå ein snipp av Folgefonna, Noregs sørlegaste isbre.
Den er, som dei andre breane me kjenner til, i ferd med å smelte, og det går raskare enn me trudde for berre nokre få år tilbake.
Utstillinga har som sitt sentrale element ein installasjon som stiller 151 spørsmål direkte til Folgefonna; kunstnaren spør mellom anna om kva minner isbreen har, om frykt og opplevinga av transformasjon.
Spørsmåla blir lesen både på norsk og engelsk og kan høyrast i rommet via tre høgtalarar, retta mot fonna.
Isbreen svarer ikkje på noko språk me menneske kan forstå, men i dei stille pausane som følger kvart spørsmål kan publikum projisere eigne tankar og svar.
Praktisk info:
Seminaret er gratis, men me ber om at du hentar ut ein billett via linken
Tid
23. aug. 2025 13:00 - 17:00
Billettar på nett
lau06sep(sep 6)00:00sun19okt(okt 19)00:00(sept 6) 00:00 - (okt. 19) 00:00 Vestlandsutstillingen 2025