Avlyst: Bornas Kabuso
lau20feb12:0012:00 Avlyst: Bornas KabusoFilm: En katt i Paris
Om arr.
Bornas Kabuso må diverre avlysast av smittevernhensyn denne gongen. Heldigvis finst det fleire arrangement å sjå fram til – sjå gjerne programoversikt! _________________ Handteikna, fransk spenningsfilm for born i konsertsalen. Katten Dino lever
Om arr.
Bornas Kabuso må diverre avlysast av smittevernhensyn denne gongen. Heldigvis finst det fleire arrangement å sjå fram til – sjå gjerne programoversikt!
_________________
Handteikna, fransk spenningsfilm for born i konsertsalen.
Katten Dino lever eit dobbeltliv. Om dagen er han den søte kattepusen til Zoe, dottera til den kvinnelege politisjefen i Paris.
Om natta snik Dino seg ut for å vera med tjuven Nico, som elegant sleng seg frå tak til tak, på jakt etter eit verdifullt bytte.
Aldersgrense 6 år (tillaten for alle med følgje).
Inga påmelding.
Medlemsskap i klubben kostar 70 kroner per barn og gir gratis inngang til alle dei 5 arrangementa våren 2021.
Tid
20. feb. 2021 12:00
Program
Dato
lau06sep(sep 6)00:00sun19okt(okt 19)00:00(sept 6) 00:00 - (okt. 19) 00:00 Vestlandsutstillingen 2025
tys23sep13:0017:0013:00 - 17:00 Seminar: Glacial feelings
Om arr.
Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once. I seminaret ynskjer me å
Om arr.
Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once.
I seminaret ynskjer me å sjå nærare på den pågåande klimakrisa, først og fremst gjennom kunsten si linse og den personlege erfaringa, men òg med dei kalde, vitskaplege fakta som er kjente for oss til no.
Me spør korleis me kan leve med, og reagere på, det som utfaldar seg kring oss, samstundes som me held håpet oppe.
Inviterte deltakarar er:
Professor Jostein Bakke frå Universitetet i Bergen
Kunstnar Jana Winderen
Kunstteoretikar Dr. Anthea Buys
I tillegg: Kunstnar James Webb og kurator Sissel Lillebostad
Frå Kabuso kan ein sjå ein snipp av Folgefonna, Noregs sørlegaste isbre.
Den er, som dei andre breane me kjenner til, i ferd med å smelte, og det går raskare enn me trudde for berre nokre få år tilbake.
Utstillinga har som sitt sentrale element ein installasjon som stiller 151 spørsmål direkte til Folgefonna; kunstnaren spør mellom anna om kva minner isbreen har, om frykt og opplevinga av transformasjon.
Spørsmåla blir lesen både på norsk og engelsk og kan høyrast i rommet via tre høgtalarar, retta mot fonna.
Isbreen svarer ikkje på noko språk me menneske kan forstå, men i dei stille pausane som følger kvart spørsmål kan publikum projisere eigne tankar og svar.
Tid
23. sept 2025 13:00 - 17:00