ÅSMUND FREDGJAGJEVA - INGEBJØRG LOGNVIK REINHOLDT
fre28okt19:0020:0019:00 - 20:00 ÅSMUND FREDGJAGJEVA - INGEBJØRG LOGNVIK REINHOLDTForteljarkonsert
Om arr.
Åsmund Fregdagjeva – ein forteljarkonsert om heltar og skurkar frå norrøn tid. Kvifor blir vi så fascinert av helteforteljingane? Kva er det som gjer at så langt tilbake vi veit, har
Om arr.
Åsmund Fregdagjeva – ein forteljarkonsert om heltar og skurkar frå norrøn tid.
Kvifor blir vi så fascinert av helteforteljingane? Kva er det som gjer at så langt tilbake vi veit, har vi elska historiar om dei som tør å gå inn i det ukjende, som blandar mot og kløkt og kjemper mot noko mørkt og mektig for å vinne stort?
Aasmund Fregdegjeva («den som gir mot») er ei av desse historiane. Mellomalderballaden har trekk heilt tilbake til norrøn mytologi, og er skrive ned i heile 63 vers. Der folkesongarar flest kuttar historia ned til ein brøkdel for å få songen inn i ein vanleg konsertsetting, har Ingebjørg Lognvik Reinholdt lyst å fortelje deg heile den dramatiske historia med alle sine karakterar, magi og tvistar.
Ingebjørg blandar forteljarkunst og kvedarkunst i denne soloforestillinga, der ho tek deg med inn i ei anna tid, med helten som seglar over havet for å redde jomfrua og kjempe mot gygrer og all slags magiske skapningar.
Forteljinga blir fortald syngjande. levande bilete i bakgrunnen er med på å skapa stemning. Du får vere med på Aasmund si reise ut på havet, inn i Trollebotn, møtet med den fryktelige Skomegygri og korleis det heile går.
Du får også eit program med ei lita innføring i mellomalderballaden, som du kan ta med deg heim.
Konserten høver for vaksne og ungdommar.
BILLETTAR SELGJAST I KAFÉEN PÅ FØREHAND – 250/225 kr.
VELKOMNE TIL EI FLOTT OPPLEVING I LAGMANNSSTOVA
Forestillinga er støtta av: Norsk Kulturfond, FFUK, Creos Vederlagsfond
Visuals/bakgrunnsfilm: Henrik Koppen
Regi: Aslak Moe
Tekst: Trad. frå Landstads Norske Folkeviser/ Ingebjørg Lognvik Reinholdt
Musikk: trad.
Kveding og forteljing: Ingebjørg Lognvik Reinholdt
Dei involverte:
Ingebjørg Lognvik Reinholdt er ein allsidig kvedar kjent for si varme stemme og utprega stilkjensle, sin rike kunnskap om tradisjonen og kulturhistoria vår, og si forteljarevne. Ho har laga forestillinga «Guro Heddelid» for Riksscenen, turnert for store og små med vokalduoen Fivil, og vore utøvande kvedar sidan 9-årsalderen.
I 2019 laga ho bestillingsverket «Brokete Lauv» for solo kveding for Telemarkfestivalen. Ingebjørg er også aktuell med vokaltrioen Aurom og med ensemblekonserten «Burns på dialekt» med Aasmund Nordstoga og den skotske felespelaren Sarah Jane Summers. På Marispelet er ho i år på tredje året som syngjande forteljar. Soloplata «Klokkur som ringjer deg heim», med tradisjonssongar frå Seljord, kom ut i 2020 på plateselskapet Talik.
Aslak Moe er regissør, dramatikar og dramaturg som har som spesialitet soloframsyningar og musikkteater. Han har tidlegare hatt suksess med framsyningane 0+0=4 (Teater Vestland/Det Norske Teatret), Fire Begravelser og et Bryllup (Teater Ibsen/Riksteatret), Nesten Ikke Helt Som Før med Susanne Lundeng (Riksscenen) og Min Kenneth (Det Vestnorske Teatret). Aslak er også kunstnarleg leiar av Fortellerfestivalen.
Tid
28. okt. 2022 19:00 - 20:00
Program
Dato
lau23aug13:0017:0013:00 - 17:00 Seminar: Glacial feelings
Om arr.
Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once. I seminaret ynskjer me å
Om arr.
Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once.
I seminaret ynskjer me å sjå nærare på den pågåande klimakrisa, først og fremst gjennom kunsten si linse og den personlege erfaringa, men òg med dei kalde, vitskaplege fakta som er kjente for oss til no.
Me spør korleis me kan leve med, og reagere på, det som utfaldar seg kring oss, samstundes som me held håpet oppe.
Inviterte deltakarar er:
Professor Jostein Bakke frå Universitetet i Bergen
Kunstnar Jana Winderen
Kunstteoretikar Dr. Anthea Buys
I tillegg: Kunstnar James Webb og kurator Sissel Lillebostad
Frå Kabuso kan ein sjå ein snipp av Folgefonna, Noregs sørlegaste isbre.
Den er, som dei andre breane me kjenner til, i ferd med å smelte, og det går raskare enn me trudde for berre nokre få år tilbake.
Utstillinga har som sitt sentrale element ein installasjon som stiller 151 spørsmål direkte til Folgefonna; kunstnaren spør mellom anna om kva minner isbreen har, om frykt og opplevinga av transformasjon.
Spørsmåla blir lesen både på norsk og engelsk og kan høyrast i rommet via tre høgtalarar, retta mot fonna.
Isbreen svarer ikkje på noko språk me menneske kan forstå, men i dei stille pausane som følger kvart spørsmål kan publikum projisere eigne tankar og svar.
Praktisk info:
Seminaret er gratis, men me ber om at du hentar ut ein billett via linken
Tid
23. aug. 2025 13:00 - 17:00
Billettar på nett
lau06sep(sep 6)00:00sun19okt(okt 19)00:00(sept 6) 00:00 - (okt. 19) 00:00 Vestlandsutstillingen 2025