I Kabuso med born

Born er alltid velkomne i Kabuso!
- I kaféen finn de ein eigen barnekrok med bøker og teiknesaker.
- Me har stellefasilitetar til dei minste og ein avslappa atmosfære.
- Born og unge under 16 år går alltid gratis i utstillingane i følge med ein vaksen
- Redusert pris på konsertane våre og i Hardanger Skyspace
- I Ingebrigt Vik museum finn de eit gratis aktivitetshefte. Heftet har oppgåver knytt til Vik sine fascinerande skulpturar og inviterer borna til ei oppdagingsferd i museet.

Eigne arrangement for born:
- Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born med kring 8 arrangement i halvåret. Medlemsskap kostar 90 kroner, som gir gratis inngang til alle arrangementa i klubben. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Programmet finn du i her og i eigne flyerar.
- Kabuso arrangerer også Kakaokonsertar i samarbeid med Kvam kulturskule. Konsertane gir unge utøvarar høve til å opptre på ein profesjonell scene. Konsertane er opne for alle som er interesserte i følge med på den yngre musikkscena i Kvam.
- Undervisningstilbod for skuleklassar og barnehagar i utstillingane våre finn du under undervisning.