– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Film: Min nabo Totoro

sun09nov13:0013:00 Film: Min nabo TotoroBornas Kabuso

Om arr.

Velkommen til film i Bornas Kabuso 9. november kl. 13!
Me viser Studio Ghibli klassikaren Min nabo Totoro.

Min nabo Totoro er ein fargesprakande og magisk barnefilm frå Japan. Systrene Mei og Satsuki har flytta til ein ny stad. Mora ligg på sjukehus og dei forsøker å finne seg til rette. Ein dag møter dei skogvaktaren Totoro, og det blir starten på eit nytt og spanande eventyr.

Lengde: 1 t 26 min. Tillatt for alle 

Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 110 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2025. Vaksne går gratis i følge med barn på alle arrangementa.    

Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Verkstadane vert til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen. Filmane vert vist i samarbeid med Norsk filmklubbforbund.  

 

Tid

9. nov. 2025 13:00