Amber Ablett - Hvileåret
Om arr.
Hausten 2023 kan du oppleva ein installasjon av Amber Ablett i foajeen i Kabuso. Installasjonen er sett saman av foto og tankekart, utdrag frå samtalar, bibliotek med bøker og essays,
Om arr.
Hausten 2023 kan du oppleva ein installasjon av Amber Ablett i foajeen i Kabuso.
Installasjonen er sett saman av foto og tankekart, utdrag frå samtalar, bibliotek med bøker og essays, samt eit miljø for ro og avslapping.
Opplev utstillinga i perioden 7. oktober- 26. november 2023
Om prosjektet Hvileåret: Hvile, vekst og aktivisme
Prosjektet er eit fleirårig, deltakande og kunstnarisk forskingsprosjekt leia av kunstnaren Amber Ablett. Prosjektet vart bestilt av Kunsthuset Kabuso og utvikla for Storeteigen bygdetun som ein stad for samling, felleskap, undersøking og kvile. Som forskingsprosjekt har Hvileåret sett søkelys på kvile innafor aktivisme, frigjering og sosialt arbeid og lagt til rette for workshops, lengre opphald for fagpersonar og kollektiv tenking.
Kvile vert ei handling av motstand i eit samfunn som kontant ignorerer, avviser, bagatelliserar og undertrykker erfaringar menneske har. For dei som kjempar for sin eksistens, er opplevinga av å bli overvelda og utmatta gjerne noko som gjer berekraftig handling umogleg.
Medforskarar i prosjektet:
Ro Averin (ho/henne), Equity and Social Justice Educator, konsulent og skribent
Eva Rowson (ho/henne), kunstnar, kurator og dagleg leiar i Bergen Kjøtt
Isak Bradley (han/han), kunstnar og styreleiar i Pasientorganisasjonene for kjønnsinkongruens
Vikram Kolmanskog (han/han), skribent, formidlar og professor i gestaltpsykoterapi

Tid
Program
tors27aug17:0622:3017:06 - 22:30 Kveldsope
Om arr.
Torsdag 27. august kl 17-22.30 Kabuso og Hardanger Skyspace held kveldsope: Open kafe/bar Utstillinga av Dyrdal/ Mogstad/ Welsh Kl 20.55: Visning i Hardanger Skyspace Denne dagen held me altså ope frå
Om arr.
Kabuso og Hardanger Skyspace held kveldsope:
- Open kafe/bar
- Utstillinga av Dyrdal/ Mogstad/ Welsh
- Kl 20.55: Visning i Hardanger Skyspace


Foto:
Midt, Pål Hoff: Den aktuelle utstillinga
Nederst, Helge Skodvin: Hardanger Skyspace og Hardangerfjorden