Familieverkstad
sun19feb13:0015:0013:00 - 15:00 FamilieverkstadBornas Kabuso
Om arr.
Bli med på ferie til månen! Saman med illustratør og kunstnar Sophie D´Henin frå Paris skal me fantasera oss ut i verdsrommet og laga eigne bilete av ein ferietur til
Om arr.
Bli med på ferie til månen! Saman med illustratør og kunstnar Sophie D´Henin frå Paris skal me fantasera oss ut i verdsrommet og laga eigne bilete av ein ferietur til månen med hjelp av collage. Familieverkstaden i Bornas Kabuso er arrangert i samarbeid med KH Messen i Ålvik.
Under verkstadane i Bornas Kabuso frå de utfalda dykk kreativt med ulike materialar og metodar. Verkstaden er utforma av ein profesjonell kunstnar, som saman med vertar frå Kabuso leiar verkstaden. I samarbeid med KH Messen i Ålvik. Kvar gong kjem ein ny kunstnar og nye oppgåver.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa åren 2023. Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Tid
19. feb. 2023 13:00 - 15:00
Billettar på nett
Program
Dato
lau23aug13:0017:0013:00 - 17:00 Seminar: Glacial feelings
Om arr.
Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once. I seminaret ynskjer me å
Om arr.
Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once.
I seminaret ynskjer me å sjå nærare på den pågåande klimakrisa, først og fremst gjennom kunsten si linse og den personlege erfaringa, men òg med dei kalde, vitskaplege fakta som er kjente for oss til no.
Me spør korleis me kan leve med, og reagere på, det som utfaldar seg kring oss, samstundes som me held håpet oppe.
Inviterte deltakarar er:
Professor Jostein Bakke frå Universitetet i Bergen
Kunstnar Jana Winderen
Kunstteoretikar Dr. Anthea Buys
I tillegg: Kunstnar James Webb og kurator Sissel Lillebostad
Frå Kabuso kan ein sjå ein snipp av Folgefonna, Noregs sørlegaste isbre.
Den er, som dei andre breane me kjenner til, i ferd med å smelte, og det går raskare enn me trudde for berre nokre få år tilbake.
Utstillinga har som sitt sentrale element ein installasjon som stiller 151 spørsmål direkte til Folgefonna; kunstnaren spør mellom anna om kva minner isbreen har, om frykt og opplevinga av transformasjon.
Spørsmåla blir lesen både på norsk og engelsk og kan høyrast i rommet via tre høgtalarar, retta mot fonna.
Isbreen svarer ikkje på noko språk me menneske kan forstå, men i dei stille pausane som følger kvart spørsmål kan publikum projisere eigne tankar og svar.
Praktisk info:
Seminaret er gratis, men me ber om at du hentar ut ein billett via linken
Tid
23. aug. 2025 13:00 - 17:00
Billettar på nett
lau06sep(sep 6)00:00sun19okt(okt 19)00:00(sept 6) 00:00 - (okt. 19) 00:00 Vestlandsutstillingen 2025