Klubben for alle kreative born
Dette halvåret byr BK på seks arrangement:
Hausten 2025 blir ein god miks av familieverkstadar og visning av animasjonsfilmar

PROGRAM hausten 2025

Sundag 7. september kl 13-15 (drop in)
FAMILIEVERKSTAD
Med kunstnar Hedda Roterud Amundsen


Sundag 19. oktober kl 13-15 (drop in)
FAMILIEVERKSTAD
Kreativ utfalding med ulike materialar og metodar.
Ein profesjonell kunstnar og vertskap frå Kabuso står for verkstaden.

Sundag 9. november kl 13
FILM: MIN NABO TOTORO
Fargesprakande og magisk film frå Japan (norsk tale)

Sundag 30. november kl 13-15
FAMILIEVERKSTAD
Med kunstnar Judith de Haan

Sundag 14. desember kl 13
FILM: MARIHØNENES JUL + FAMILIEVERKSTAD
Marihønene Tim og Mari førebur seg til jul. Men medan Tim er på besøk i Mari sitt tre, som er det finaste i heile skogen, blir heile treet saga ned og flytta inn i eit menneskehus.
Medlemskap på nett
No kan du kjøpa medlemskapet til kidden digitalt:
- Via TicketCo ordnar du betalinga på førehand.
- Byt inn billetten i fysisk medlemskort før arrangementstart.
- Så går du og barnet «gratis» resten av halvåret