Ledige stillingar

Jobba i Kabuso?

Det er for tida følgjande ledige stillingar i Kabuso:

Kunsthuset Kabuso vart opna i  januar 2006, som Hordaland fylkeskommune sin tusenårsstad, og ligg i Øystese,  Hardanger.
Kabuso er eit kunsthus  som presenterer skiftande kunstutstillingar og konsertar, med driftsansvar for Ingebrigt Vik museum og Hardanger Skyspace.
Kabuso ligg like ved Ingebrigt Vik museum i sentrum av Øystese i Kvam, ca. 1 t 15 min. køyring frå Bergen og Voss.

Sommarvikarar

Hovudarbeidet vil vera å ta imot dei vitjande på ein god måte, og visa dei rundt i utstilling, Skyspace og Ingebrikt Vik museum.
Sommarvikarane arbeidar og i kaféen, med servering, matlaging og reinhald.
Det vert og arbeidsoppgåver i samband med konsertar og arrangement, og noko museums- og resepsjonsarbeid.

Arbeidstida er hovudsakleg i tidsrommet 11-17 alle dagar, i tidsrommet juni – august.

Me søkjer serviceinnstilte personar som har interesse for kunst og musikk,  snakkar godt norsk og engelsk, er positive og engasjerte, har god orden og gode samarbeidsevner.

Personlege eigenskapar vil verta vektlagd.

For spørsmål i samband med stillinga, ta kontakt med Karen Noer Korssjøen; mobil 99225096.

Søknad kan sendast  til personal@hvm.museum.no innan 22.04.2019


Kontakt

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no


Nyhendebrev


Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Kunsthuset Kabuso


Opningstider

September–mai:
Ons–fredag kl 11–15, laur+sundag kl 11–16
Stengt man-tysdag

Juni–august:
Ope kl 11-17 alle dagar

X