Hardanger Skyspace
Ei sanseleg kunstoppleving
BESTILLING PÅ NETT:
Kvar dag i heile påsken (og og stort sett elles også!) er visningar i lysverket gjort tilgjengeleg for bestilling.
Klikk deg inn via billettlenka for å sjå aktuelle tidspunkt desse.
Her kan du også kjøpa billett
Det permanente kunstverket Hardanger Skyspace (2016) er signert den amerikanske kunstnaren James Turrell .
I form av ein åttekanta bygning med opning i taket og sitjeplassar til 18 personar, gir kunstverket ei unik oppleving av farge, himmel, rom og lys.
Ved demring og skumring vert rommet fylt med farga lys som verkar inn på opplevinga av himmelflata.
Lat deg bli forbløffa over kva du ser!
Vêrtilhøve og årstid verkar inn på opplevinga, slik at kvart besøk vert unikt.
PRAKTISK INFO:
- Hardanger Skyspace er som hovudregel tilgjengeleg for bestillingar kvar dag, stort sett med to visningar i døgeret
- Kle deg som for å vera ute
- Oppmøte: I resepsjonen på Hardangerfjord hotell
- Her får du også tepper og skriftleg informasjon om verket
Spørsmål? Kontakt Kabuso post@kabuso.no / 47 47 99 87 (kun bemanna på dagtid)

