– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Om utstillinga

Dei siste to åra har kunstnarane reist rundt og samtalt med folk i Hardanger. Dei har lest seg opp på rapportar og litteratur, sett gjennom samlingane etter Ingebrigt Vik og Johan Havaas og tolmodig slipt blikket på landskap, ville vekstar og spor av industri.

Tittelen er henta frå «Renæssance», ei novelle Hans E. Kinck publiserte i 1899. Her skildrar Kinck dei sanselege syna gjennom auga til ein ung kunstnar, frå lyset som fell over myr og tre til bekken si ustoppelege ferd. Driven av sterke ambisjonar omformar kunstnaren si naturmetta erfaring til ei klassisk og anerkjent form. Det klassiske synet var prega av ei haldning der mennesket herskar over naturen. Noko som står i skarp motsetnad til eit syn der natur har eige liv og verdi. Kunstnaren vinn ry med sine verk, men på vegen tapar han si finstemte naturkjensle. Synet på mennesket som herskarar er hard valuta i forvaltinga av naturen. Dei samfunnsmessige konsekvensane av å ikkje hente ut mest mogleg av ressursane, omtalas som store tap. Samstundes er dette eit dilemma som uroar fleire og fleire.

Kunstnarane har, på ulike vis, granska både kunnskap og førestilling og kopla dei saman kring vokstar, vitskap og folkloristikk. Det ikoniske og politiske ved landskapet i Hardanger var tidleg tilstade i nasjonsbygginga, og ideen om kven vi er og korleis me forvaltar arva, er ikkje ferdig snakka. Heller ikkje her.

I videoverka til Ingrid Book & Carina Hedén er naturen grundig kartlagt men framleis gåtefull, til og med litt skremmande. Ein NGU-rapport om forureining i jordprøvar har ført kunstnarane til uventa stader i Odda og Tyssedal. I eit verk kan me følgje vatnet si reise gjennom rør og vassdrag og i videoen «Øya» fell mørkret sakte over ein holme i fjorden. Eit undrande blikk finn ulike vesen og arketypar gøymd mellom tre og mose i skogen. Mykje handlar om å sjå samanhengar og moglege koplingar mellom kultur og natursyn. Inn i den samansette installasjonen har dei invitert Ingebrigt Vik med eit utval skulpturar som trekker på den klassiske arven og dei norrøne segna.

Per Christian Brown har òg lånt inn skulpturelle skisser av Vik. Dei er uferdige, på veg til å bli noko, og kan sjåas som ei handgripeleg referanse til plantene Brown har fotografert. Dei er òg på veg, driven av naturens uunngåelege vokster.

I filmen refereras det til essayet «Jorden og drømmerier om hvile» der filosofen Gaston Bachelard reflekterer om rota si skapande kraft og grunnlag for liv. I fotoserien «Der Wurzel- mensch 1-8», smeltar kropp og røter saman til bilete med referansar til mytologiske trans-formasjonar, inspirert av verket «Metamorfoser» av poeten Ovid.

Thorbjørn Sørensen grip ikkje berre røtene, han tar tak i heile planta, bokstaveleg tala. Dei er henta på andre sida av fjorden, i Herand for det meste. Frakta over fjellet før dei sit modell for eit langsamt granskande blikk. Den langvarige relasjonen desse minutiøse akvarellane krev, arbeider fram ein kjensle av kontakt, og med det, varme. Dei levande plantene er sett opp i mot ein daud flaggspett, også den skildra med ein hårfin pensel. Eit stille monument over eit augne- blink av liv. Montert på glasflatene mot fjorden kan ein sjå akvarellane som ei zoomande linse, retta mot ørsmå detaljar langt borte.

Måleria til Hege Nyborg hentar motiv frå eit folioverk publisert i 1799 av lege og botanikar Robert John Thornton, «The Temple of Flora: or Garden of the Botanist, Poet, Painter and Philosopher». Linsa, eller snarare optikken som protese for synet, er sentralt i hennar verk. Blikket, analyserande, betraktande, held naturen på avstand. Med språket lagar me stader og koplingar som ikkje finns i verkelegheita. Fotoserien frå Johan Havaas si samling

i Granvin bygdemuseum tek utgangspunkt i denne innsikta. Innsamla og registrerte kryptogamar og skorpelav, tørka og isolert som objekt men samstundes påtakeleg verkelege, tilhøyrande den språklause naturen. Det er kanskje her at grensa mellom natur og vitskap oppløysast, undrar Nyborg, i ei verd grunna på vår evne til å handsame kunnskapsbitar som meiningsberande i seg sjølv.

Helene Sommer viser eit videoverk kor blikket kjem frå ei fjern framtid. Her har Hardanger som fysisk stad forsvunne, men dialekten har overlevd hos ei kvinne som undrar seg over det ho får sjå i nokre gamle filmbitar. Det verker kjend men ho veit ikkje kva dette er. Ho prøver å gjere desse fragmenta av ein framand verd forståeleg og lokalisere dei i eit imaginært landskap. Lydsporet er henta frå TV-serien «Blindpassasjer» av Jon Bing og Tor Åge Bringsværd. Den tida som har erodert vekk Hardanger, spelar ei mindre spektakulær rolle i collagane. Her har Sommer sett saman foto frå ulike tider, men med same motiv. Analoge fargefoto frå 1970-talet og svartkvite tatt for nær 150 år sidan kopla med dagens digitale registre- ring, viser ikkje berre at tida endrar landskapet, men og at teknologien i bileta formar korleis me ser det.

Mennesket er skaparen av si verd. Det gjeld ikkje berre tinga me lagar, men òg kva me ser og forstår av naturen. Kinck rundar av novella med eit bilete. Etter si lange reise ut i alle verdas vatn, kjem vatnet alltid attende. Dryp ned over høgfjellet før det enno ein gong samlar seg i bekker og renn ned over stein og sand, forbi den grå ura på veg ut i verdas hav. Den grå ur «ligger her og samler sagn og de underlige hændelser og binder dem paa mangfoldig vis, hvor langt enn aaen når».

Tekst: Sissel Lillebostad

Videoar i utstillinga

Ingrid Book & Carina Heden

Ingrid Book og Carina Hedén står bak videoane Øya, Vann og Prøvepunktene (2019). Desse er ein del av installasjonen Renæssance, som tar utgangspunkt i ei novelle av Hans E. Kinck (1865-1926).
Installasjonen består av 3 videoarbeid, ein fotoserie, skulpturar, objekt og innlånte verk av Ingebrigt Vik (1867-1927). 

Videoen «PRØVEPUNKTENE» er filma i Odda og Tyssedal i Sørfjorden, Hardanger 2019-2020. 

 

Per Christian Brown – The Root

Helene Sommer – Sagn om jord

Glimt frå utstillinga

 

Per Christian Brown, The Root, 2021, video
Per Christian Brown, Der Wurzelmensch, 2021, serie sølvgelatin print

Foto: Per Christian Brown

 

Per Christian Brown, Der Wurzelmensch 1-8, 2021, sølvgelatin print
Gipsavstøypingar frå samlinga til Ingebrigt Vik museum

Foto: Per Christian Brown

 

Thorbjørn Sørensen, Akvareller, 2021

Foto: Per Christian Brown

 

Thorbjørn Sørensen, Akvareller, 2021

Foto: Per Christian Brown

 

Hege Nyborg, Naturens vidundere, 2021
Hege Nyborg, Nattergal (Luscinia luscinia), 2021
Hege Nyborg, Bleiktjafs (Evernia prunastri), 2021

Foto: Per Christian Brown

 

Hege Nyborg, Naturens vidundere, 2021
Hege Nyborg, Our Brief Eternity, 2021

Foto: Per Christian Brown

 

Hege Nyborg, Our Brief Eternity, 2021

Foto: Per Christian Brown

 

Ingrid Book & Carina Hedén, frå installasjonen RENÆSSANCE, 2021:
Ingrid Book & Carina Hedén, Jakttårn, 2021, tre, for Tor og Midgardsormen, skisse gips, 1922, frå Ingebrigt Vik museum
Ingrid Book & Carina Hedén, frå fotoserien Verk #7-13, 2020, pigment prints

Foto: Carina Hedén

 

Ingrid Book & Carina Hedén, frå installasjonen RENÆSSANCE, 2021:
Ingrid Book og Carina Hedén, frå fotoserien Verk #7-13, 2020, pigment prints
3 kubbar i edeltre

Foto: Carina Hedén

 

Ingrid Book & Carina Hedén, frå installasjonen RENÆSSANCE, 2021:
Ingrid Book & Carina Hedén, Prøvepunktene, 2021, video
Ingebrigt Vik, 2 mannshovud, 1913
Ingrid Book & Carina Hedén, Rot, Caput Mortuum, 2021
Ingrid Book & Carina Hedén, Vann, 2021, video

Foto: Carina Hedén

 

Ingrid Book & Carina Hedén, frå installasjonen RENÆSSANCE, 2021
Ingrid Book & Carina Hedén, Verk (sfinx) #11(13), 2020, pigment print
Støypekappe for Ynglingen, 1913, frå Ingebrigt Vik museum

Helene Sommer, Sagn om jord, 2021, video

Foto: Per Christian Brown

 

Oversiktsbilete frå utstillinga

Foto: Per Christian Brown