– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Sculptures

Eit unikt bygg

Ingebrigt Vik museum vart teikna av arkitekt Torgeir Alvsaker (1875-1971) i 1932.

Alvsaker utarbeidde fleire forslag til museumsbygning, men valet fall til slutt på ein sentralbygning i form av eit åttekanta hus med eit høgare midtrom. Ei slik løysing hadde vorte tilrådd av bilethoggar Gunnar Jansson som var konsulent for byggekomitéen.

Frå opninga i 1934 var bygningen uendra fram til 1954 då to allegoriske skulpturar Vik laga til jubileumsutstillinga i Oslo 1914 vart funne i eit skur på Frogner.
Skulpturane «Målarkunsten» og «Skulpturen» var for store til å få plass inne i museet, og dei to nisjane på kvar side av inngangspartiet kom til.

Den siste tilføyinga kom då Kabuso vart reist i 2005. Arkitektane Hille og Strandskogen gav Ingebrigt Vik museum ein ny fløy i bakkant. Hille og Strandskogen tok utgangspunkt i den klassiske symmetrien i bygget, men gav samstundes ei kopling til den formale estetikken i Kabuso. Med nybygget fekk skulptursamlinga om lag 50 m2 større golvplass, og ikkje minst større innslepp av dagslys gjennom dei store vindauga mot nord.