– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

The Kaleidoscope Band

lau19sep14:0014:00 The Kaleidoscope Band

Om arr.

Laurdag 19. september kl 14

Kva skjer når musikk, poesi og historieforteljing smeltar saman til ei levande reise gjennom mennesket si utforskartrong?
Nye horisontar tek publikum med frå 1500-talet sitt verdsbilete til vår eiga tid – med havet som berande motiv.

Gjennom eit rikt og variert program utforskar The Kaleidoscope Band tema som reise, lengt, identitet og kulturelle møte.
Publikum får oppleva både ikoniske verk og sjeldnare perler – frå barokken si glitrande klangverd med Georg Friedrich Händel, Jean-Philippe Rameau og Georg Philipp Telemann, til sterke folkelege uttrykk knytte til Petter Dass og Robert Burns.

Programmet blir løfta vidare inn i vår tid gjennom musikk av Rachel Stott, inspirert av William Shakespeare.
Konserten skapar eit unikt kulturmøte mellom Noreg og Storbritannia, der folketonar og historiske kjelder blir fletta saman til ei forteljing om korleis menneske til alle tider har søkt nye horisontar – geografisk, kunstnarisk og mentalt.

The Kaleidoscope Band består av norske og britiske barokkspesialistar med bakgrunn frå leiande europeiske tidlegmusikkmiljø. Med eit rikt utval av historiske instrument skapar dei eit særeige og fargerikt klangbilete – som òg er ensemblet sin tydelege signatur.

Ingeborg Christophersen frå Nesodden mottar Statens kunstnarstipend som virtuos musikar på eit rikt utval blokkfløyter, czakan, cembalo og orgel.

Catherine Martin er ein av Londons leiande barokkfiolinistar, og spelar òg viola d’amore.

Nesoddingen Mari Giske er òg mottakar av arbeidsstipend frå Statens kunstnarstipend, med instrumenta barokkbratsj, klassisk bratsj og viola d’amore.

Den ungarske cellisten og gambisten Kinga Gáborjáni spelar til dagleg med dei beste ensem­bla i London, og Thomas Boysener, som er basert både i Oslo og Freiburg, spelar på sine historiske lutt- og gitarinstrument.

Tid

19. sept 2026 14:00