juni 2019

15jun13:3015:30Pettersen / KvendsethUtstillingsopning

Les meir

Om arrangementet

Vel møtt til utstillingsopning i Kabuso. Kafeen opnar 12.00 denne dagen og stenger kl 15.30.

Sommaren 2019 viser kunsthuset utstillinga Sett alle rede av Arvid Pettersen og Gabriel Johann Kvendseth.

Utstillinga inngår i serien dialogar, som starta haust 2018 med Harrang/Havaas/Lillefosse. Arvid Pettersen og Gabriel Johann Kvendseth er inviterte til å utvikla ei utstilling i dialog. Pettersen er ein nestor i norsk maleri, med høg aktivitet heilt tilbake i det gryande 1970-talet. Kvendseth er ein yngre kunstnar som byggjer og sett i hop skulpturar, tekst og installasjon. Dei tek båe tak i denne mjuke framandgjeringa ein kan kjenne i møte med verdas kompleksitet. Båe flyttar merksemda nokre cm til sides, eller opp om ein heller vil sjå den vegen. Båe veit mykje om knivar, stein og stille ettertanke.

Arvid Pettersen gjekk ut frå SHKS i Bergen 1967. Han har ei omfattande utstillingsrekkje bak seg, deriblant Kunstnerforbundet, Galleri Riis, Henie Onstad Senter, Aarhus Museum, Bergen Kunstforening, Trondhjems Kunstforening og Chinese European Artcenter, Xiamen.

Gabriel Johann Kvendseth gjekk ut med ein M.A. frå Kunst og designhøgskulen i Bergen i 2013. Han har stilt ut på Nordnorsk Kunstmuseum, Samisk senter for samtidskunst, RAKE Visningsrom, Murmansk Regionale Art Museum, Arkhangelsk Fine Arts Museum, KRAFT, Del Infinito i Buenos Aires, LYNX, Kristiansand Kunsthall, Kunstindustrimuseet, Kreuzberg Pavillon og KODE2.

Utstillinga står til 8. september.

Tid

(Laurdag) 13:30 - 15:30

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Arrangør

Kunsthuset Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese


Kontakt

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no


Nyhendebrev


Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Kunsthuset Kabuso


Opningstider

September–mai:
Ons–fredag kl 11–15, laur+sundag kl 11–16
Stengt man-tysdag

Juni–august:
Ope kl 11-17 alle dagar


Contact

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no


Nyhendebrev


Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Kunsthuset Kabuso


Opningstider

September–mai:
Ons–fredag kl 11–15, laur+sundag kl 11–16
Stengt man-tysdag

Juni–august:
Ope kl 11-17 alle dagar

X