– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

feb. 2019

lau23feb(feb 23)00:00lau20apr(apr 20)00:00Kirsti van HoegeePLANETARISK TÅKE(feb. 23) 00:00 - (april 20) 00:00

stjernestøv_kirsti_van_hoegee

Om arr.

Kirsti van Hoegee si utstilling Planetarisk tåke vert vist i foajéen i Kabuso i perioden 23. februar-20. april 2019.

Om Kirsti van Hoegee
I sine siste kunstprosjekt har van Hoegee undersøkt aspekt ved menneskje sitt forhold til universet, og korleis dette har endra seg i takt med framgangen til fotografiet og lyset sitt inntog.

Dei siste åra har van Hoegee hatt separatutstillingar ved Archipelago (Hordaland Kunstsenter), Haugesund billedgalleri og på House of Foundation (Moss). Vinteren 2017 gav ho ut fotoboka «Planetarisk tåke» på Forlaget H//O//F. Ho er aktuell med verk i utstillinga «Månen – fra vår indre verden til det ytre rom» på Henie Onstad Kunstsenter. Verka hennar er kjøpt inn av m.a. Voss kunstlag og Haugesund billedgalleri

Om utstillinga
Stjernehimmelen har gjennom alle kulturar hatt ei stor betyding for menneskjene på jorda. Dei har fungert som vegvisare, vore utgangspunkt for religiøs forståing og førestelling – små lyslegeme på himmelen – uendeleg langt vekk – eit lysande teppe som utgangspunkt for ei lang rekke segn, legender og stjernebilete. Himmelkvelvinga har forma vår verdsforståing – og sjølvforståing.

Kirsti van Hoegee arbeider med førestillinga vår. Det me ser kan bli noko anna, små korn av støv eller klumpar med leire kan gje bilete av eit uendeleg univers. Verdsrommet er ein plass nesten ingen drar, men nokre få einsame skip bemanna med kamera har me sendt på ferd mot yttergrensa for verdas kartlegging. Det er frå desse at dei konkrete bileta av verdsrommet er forma. Men er dei sanne bilete?

Finst verkeleg alle desse lysande stjernene, har ikkje nokre allereie eksplodert eller falle inn mot svarte hol? Bileta i serien Planetarisk tåke minner oss på at me alle ein gong med undring har stira opp mot stjernene og undra over kva og korleis det eigentleg er der ute.
Og samstundes som teknolog gjer framstillinga og distribusjonen av betre og betre bilete frå lengre og lengre ut i verdsrommet mogleg, blir observasjon av stjernehimmelen med det blotte auge stadig vanskelegare grunna aukande lysforureining.

Fotografia Planetarisk tåke snur problemstillinga på hovudet. Dei er ikkje er blitt til ved at eit kamera har retta linsa ut i verdsrommet. Her er små leireklumpar lagt på en skannar og fotografert. Grepet bringar ei ny forståing og eit nytt perspektiv til bileta. Dei minner om korleis ein – berre ved å sjå tett nok – kan oppdaga nye ørsmå, men likevel enorme mikrounivers.

Me er alle stjernestøv, syng Joni Mitchell, me er alle billion år gamal karbon. Hos van Hoegee mistar avstand meining og storleik blir ambivalent informasjon. Men alt er laga av det same stoffet, eldgamal karbon, omdanna uendeleg mange gongar. Og det er berre tilfeldig at nokre gongar er det ein leireklatt på ein skannar og andre gonger ei brennande stjerne.

 

 

Tid

Feb. 23 (Laurdag) 00:00 - April 20 (Laurdag) 00:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

X