mai 2006

28maiHeile dagen27aug2006: J.C. Dahl - Fjordlandskap

Les meir

Om arrangementet

Ei utstilling med 44 bilete innlånt frå Bergen Kunstmuseum og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
Johan Christian Dahl (1788-1857) sin store kunstnarlege produksjon gjev rom for mange tilnærmingar. Me har valt å dels ta utgangspunkt i plasseringa til utstillingsstaden Kabuso: Midt i det norske fjordriket. Dels har utstillinga ein historisk klangbotn.
Fjordlandskapet, og særleg Hardanger, spela ei sentral rolle i nasjonsbygginga på 1800-talet. Det gjaldt å få definert kva som var norsk. Eit romantisk natursyn breidde seg i Europa, ein søkte sublime naturopplevingar i ville og urørte landskap. I den norske nasjonsbygginga fekk kunstnarane i oppgåve å uttrykkja det nasjonale, og mange peika på Hardanger. Dei skildra Hardanger som eit sublimt landskap – men også som eit opphøga, nasjonalt landskap. Dette arbeidet var med på å gje Noreg ein identitet, som igjen var ein føresetnad for unionsoppløysinga i 1905. Dels har utstillinga også ein referanse til dagens situasjon, der fjordane er utpeika til eit særleg attraktivt reisemål, og der fjordane stadig er midt i konfliktsona mellom vern og utbygging.

Tid

Mai 28 (Sundag) - August 27 (Sundag)

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Arrangør

Kunsthuset Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Kontakt

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no

Nyhendebrev

Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Kunsthuset Kabuso

Opningstider

September–mai:
Ons–fredag kl 11–15, laur+sundag kl 11–16
Stengt man-tysdag

Juni–august:
Ope kl 11-17 alle dagar

Contact

Adr: Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no

Newsletter

Subscribe to our newsletter featuring news about the museum, exhibitions, activities and more

Opening hours

September–May:
Wed–Friday 11 AM-3 PM, Sat+Sunday 11 AM–4 PM
Closed Mon-Tuesday

June–August:
Daily, 11 AM-5 PM

X