– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

okt. 2010

lau09oktHeile dagensun14novAud BækkelundMemorat(Heile dagen)

Om arr.

Aud Bækkelund samlar på ting som for andre framstår som enkle og verdlause – som viskelêr, blyantar, linjalar og konglar. Intuitivt leiker ho seg med desse materiala og set dei saman i heilt særskilde kontekstar som framstår som morosame, melankolske og undrande. Det er eit snev av melankoli ved tida som kvarv Bækkelund viser oss, samstundes som kunsten kan trigge gode minne.

Alle kan nok skimte minne frå første skoledagen sin. Minne om å opne ryggsekken og ta ut eit nytt penal fylt opp av sylspisse blyantar, ubrukte viskelêr og linjalar. Etterkvart vart blyantane kortare og viskelêra små og skitne, medan skriveblokkene vart fylte opp av store og små bokstavar og gongetabellar.

Tid

Okt. 9 (Laurdag) - Nov. 14 (Sundag)

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

X