september 2018

08sep(sep 8)00:0021okt(okt 21)00:00Sandra Vaka - Jugs

Les meir

Om arrangementet

Kabuso er stolte over å presentere soloutstilling med Sandra Vaka. Verka hennar spring ofte ut frå fotografiet, anten ho arbeider med egne bilder eller funne materiale som ho omorganiserar. I denne utstillinga viser Vaka fotografiske arbeid og ein ny skulpturserie i glas.
Biletserien Jugs kretsar kring temaet vatn. Det er foto av vatn på vatn. Kunstnaren har måla omriss av mugger (jugs) med vatn på ein dataskjerm, for så å fotografera skjermen med eit analogt kamera. Vassdråpane blir som ei linse og bryt lyset og forstørrar pikslane på skjermen. Slik peikar verket tilbake på fotomediet og avdekker koplingar mellom natur og teknologi. Mugger (jugs) kan vera vulgær slang for kvinnebryst, men vasskanna kan óg betraktast som eit symbol for liv, sjenerøsitet og historisk sett – for grådigheit. Glasskulpturane i utstillinga liknar vasskanner, med hank og form og proporsjonar til ei kanne utan opningar. Skulpturen blir forvridd og, i praktisk forstand, ubrukeleg.

Forskarar har i fleire år hevda vi er inne i ein ny geologisk tidsalder, forårsaka av menneskeleg aktivitet på jorda. Til tross for ei overveldande bevismengd er forholdet mellom enkeltindividets ansvar og globale endringar nesten umogeleg å fatte. Dei ulike verka har titlar frå brus og annan leskedrikk, som til dømes Jugs (fanta) og Jugs (blueberry blast kool-aid). Dei fargerike, våte bildeta er estetisk behagelige abstraksjonar, men når ein studerar

dei nærare får ein auge på at motiva bakanfor vasskanna er av oljeutslepp, flom og andre naturøydeleggingar, og det blir nærliggande å stille spørsmål ved vår eiga rolle i klimaregnskapet.

Sandra Vaka (f. 1980). har hatt soloutstillingar på stadar som NoPlace (2017), Kunstnerforbundet (2017), Melk (2016), Rogaland Kunstsenter (2015) og Frankfurt Am Main (2015). Ho har også delteke på ei rekke gruppeutstillingar i inn- og utland, eksempelvis KINDL – Zentrum für zeitgenössische Kunst (2018), House of Ergon (2018), Kunsthall Oslo (2017), Centro Nacional de las Artes (CENART) (2017), Island Oslo (2017) WILDLIFE Sculpture Park (2017), Vestfossen Kunstlaboratorium (2017) Stavanger Kunstmuseum (2017), Kunstvirein Nürnberg (2016), Kunstnernes Hus (2016) og Lillehammer Kunstmuseum (2016). Hun deltok på Forbundet Frie Fotografers Vårutstillingen i 2017, kor ho også vart tildelt Fotokunstprisen. Til neste år vil ho ferdigstille ein permanent offentlig skulptur i Hovidbekken i Oslo, bestilt av kulturetaten i Oslo kommune.
Vaka har ein mastergrad i kunst fra Det Kongelige Danske Kunstakademi og ein bachelorgrad frå Kunsthøgskulen i Oslo. Ho bur og arbeidar i Berlin og Stavanger.

Tid

September 8 (Laurdag) 00:00 - Oktober 21 (Sundag) 00:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Arrangør

Kunsthuset Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese


Kontakt

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no


Nyhendebrev


Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Kunsthuset Kabuso


Opningstider

September–mai:
Ons–fredag kl 11–15, laur+sundag kl 11–16
Stengt man-tysdag

Juni–august:
Ope kl 11-17 alle dagar

X