mars 2007

03marHeile dagen28maiMons Breidvik - Speglingar (h)Utstilling

Les meir

Om arrangementet

Vitalistisk inspirerte menneskeskildringar frå biletkunstnaren Mons Breidvik, som budde i Hardanger store delar av livet sitt. Grafikk og teikningar.
Livskraft og sunnleik var tema i norsk biletkunst åra 1890 til 1940. Edvard Munch, Thorvald Erichsen, Gustav Vigeland og Henrik Sørensen – og Mons Breidvik – var alle opptekne av menneskefiguren, som både estetisk objekt og som vital kraft. I deira kunst finn me uttrykk for tida si dyrking av livsviljen som motkraft til pessimismen og det moralske forfallet som følgde den tiltakande urbaniseringa av samfunnet. Denne siviliseringa utløyste eit ønske om å finna fram til den opphavlege og urørte naturen. Den fann ein ikkje i byens moderne liv, men i utkanten, i regionane. Som Astrup, var Mons Breidvik ein slik utkantkunstnar, ein med solid forankring i bygdesamfunnet. Dette ser me i portretta hans og i dei mange skildringane av sommarglade born og ungdom. Dette er Mons Breidvik si hylling til livet, spegla gjennom hans kunst.

Utstillinga er eit samarbeid mellom Kabuso, Bergen Kunstmuseum og Kvam Herad.

Tid

Mars 3 (Laurdag) - Mai 28 (Måndag)

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Arrangør

Kunsthuset Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese


Kontakt

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no


Nyhendebrev


Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Kunsthuset Kabuso


Opningstider

September–mai:
Ons–fredag kl 11–15, laur+sundag kl 11–16
Stengt man-tysdag

Juni–august:
Ope kl 11-17 alle dagar

X