mai 2015

30maiHeile dagen30augEdvard Munch: Natur og kjensle (h)Utstilling

Les meir

Om arrangementet

Sommaren 2015 syner Kabuso ei utstilling med grafiske verk av Edvard Munch (1863-1944). Det berande grepet i dette utvalet grafiske trykk av Edvard Munch er at bileta nyttar natur og landskap som metafor for eit indre kjensleliv. Medan somme av verka er reine naturskildringar syner fleirtalet enkeltpersonar og mellommenneskelege relasjonar plassert i ulike landskap. Bileta presenterer eit breitt spekter av kjensler, som melankoli og sorg, einsemd og samhald, kjærleik, attrå og sjalusi. Me finn kjente motiv frå Munch sin kunstnarskap, men i uvande og til dels eksperimentelle utføringar.
Edvard Munch er Noregs viktigaste modernist og ein av dei mest kjente kunstnarane i verda. Han står støtt i kunsthistoria ikkje berre for si evne til å formidle sinnstemningar i eit radikalt, nytt biletspråk, men òg av di han var dyktig og djerv med tanke på teknikkane han nytta og for det mangetydige i dei tilsynelatande enkle motiva hans. Naturskildringar har ein særskild plass i kunsthistoria, og Munch sine stiliserte og klåre naturmotiv var ei ny, poetisk og konkret framstilling av omgjevnadene.
Parallelt med si store målargjerning hadde Munch ein imponerande grafisk produksjon, meir enn 15 000 trykk, laga gjennom 50 år. Handverket lærte han seg av profesjonelle trykkarar i verkstader i Paris, København og Berlin. Gjennom utstillinga vert me presentert for det store utvalet grafiske teknikkar som Munch nytta. Breidda i teknikkar syner mangfaldet og dugleiken i Munch sin kunstnarskap, men ikkje minst at han var grensesprengande og nysgjerrig. I Munch sin grafiske produksjon finn me attende motiv han hadde arbeidd med tidlegare, men utført med nye teknikkar og difor med nytt uttrykk og nye meiningslag. Utstillinga presenterer koldnålsradering, etsing og mezzotint, tresnitt og litografi. I tillegg er fleire av verka handkolorerte.
Alle verka til utstillinga er lånt ut av Munchmuseet, Oslo.
Illustrasjonsbilete: To mennesker. De ensomme. 1899, Munchmuseet.

Tid

Mai 30 (Laurdag) - August 30 (Sundag)

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Arrangør

Kunsthuset Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese


Kontakt

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no


Nyhendebrev


Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Kunsthuset Kabuso


Opningstider

September–mai:
Ons–fredag kl 11–15, laur+sundag kl 11–16
Stengt man-tysdag

Juni–august:
Ope kl 11-17 alle dagar

X