mars 2019

17mar18:00Building InstrumentKonsert

Les meir

Om arrangementet

Trioen Building Instrument bevegar seg i eit slags fantasifullt ingenmannsland mellom elektronika, organisk pop og noko meir mystisk og eventyrleg, og hadde allereie bygd seg ein solid fanskare før dei platedebuterte til overstrømmande kritikkar i 2014.

På deira andre album «Kem Som Kan å Leve» er utrykket meir draumeaktig, djupare, lydbildet er større og meir innhaldsrikt, og det er framleis snakk om sterkt vanedannande og underleg fengjande musikk.

På den ferske, allereie kritikerhylla, «Mangelen min» er tekstane framleis på moldedialekt, på fantasispråk eller ordlause, men musikken er blitt større og meir dansbar. Open og fengande, aggressiv, men med eit smil på lur. Rett og slett musikk du ikkje har høyrt før.

Trioen består av:
– Mari Kvien Brunvoll (vokal, sampler, zither, perkusjon, kazoo)
– Øyvind Hegg-Lunde (trommer og perkusjon)
– Åsmund Weltzien (synth, elektronikk).

Simone Hooymans som held til i Messen i Ålvik har laga musikkvideo til blant anna songen deira: Rett Ned – sjekk den ut her:
https://www.youtube.com/watch?v=jrj1rJqZF5w&t=2s
Simone kjem også til Kabuso med sine animasjonar denne kvelden.

Velkomen til ei unik konsertoppleving i Kabuso!
Pris kr 200,- (20% rabatt med kabusokort / barn kr 100,-)

Tid

(Sundag) 18:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Billettsal

https://kabuso.ticketco.events/no/nb/e/building_instrument

Sjå dette arrangementet på Facebook

>>>


Kontakt

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no


Nyhendebrev


Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Kunsthuset Kabuso


Opningstider

September–mai:
Ons–fredag kl 11–15, laur+sundag kl 11–16
Stengt man-tysdag

Juni–august:
Ope kl 11-17 alle dagar

X