– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Hardanger Skyspace

Ei sanseleg kunstoppleving

>>>KJØP  BILLETTAR

Det permanente kunstverket Hardanger Skyspace er signert den amerikanske kunstnaren James Turrell .
I form av ein åttekanta bygning med opning i taket og sitjeplassar til 18 personar, gir kunstverket ei unik oppleving av farge, himmel, rom og lys.

Ved demring og skumring vert rommet fylt med farga lys som verkar inn på opplevinga av himmelflata.
Lat deg forundra og forbløffa over kva du ser!

Vêrtilhøve og årstid verkar inn på opplevinga, slik at kvart besøk vert unikt.

 

Praktisk info: 

    • Hardanger Skyspace er som hovudregel tilgjengeleg for bestillingar kvar dag, med to visningar i døgeret
    • Kle deg som for å vera ute
    • Inngang i bygget: Hent nøkkel i resepsjonen på Hardangerfjord hotell i forkant av visninga du har billett til
    • Her får du også tepper og skriftleg informasjon om verket

Januar 2024: Kontakt oss for visningar i Skyspace. Send førespurnad til post@kabuso.no  

    >>> KJØP  BILLETTAR til ei magisk oppleving her 

    Kontakt Kabuso ved spørsmål