Kabuso opnar igjen

Kabuso kan med glede melda at dørene opnar for publikum torsdag 7. mai – som og er ein gratistorsdag.
Opningstidene fram til 20.6 er avgrensa til torsdag og fredag 11-15, laurdag og sundag 11-16.
Stengt man-onsdag.

  • Hardanger Skyspace kan bestillast som vanleg, men maksimalt for 5 personar. Ta med eige pledd.
  • Ingebrigt Vik museum vil vera tilgjengeleg etter avtale.
  • Kaféen vil forenkla utvalet noko, men me vil servera knallgod nymalt kaffi og heimelaga kaker.

Kabuso følgjer elles gjeldande retningslinjer for smittevern.
Det vert lagt til rette for at ein skal kunne halda 2 meters avstand både i utstillinga og kafeen, og me vil gjera vårt beste for at alle skal få eit hyggeleg og trygt besøk.
Me oppmodar publikum til å nytta kontaktlause betalingsmetodar som Vipps.

Det vert elles nokre endringar i programmet for 2020 og 2021:

  • Utstillingsperiodane for «Etter alle solemerke» (Urstad/Toft) og «Tre i Hardanger» (Storaas) vert forlenga til 31. mai. «Styrlause prosessar» opnar 20. juni og vil verta vist fram til 23. august.
  • Alle arrangement og konsertar fram til sommaren er avlyste. Mange av konsertane er utsette, og vil bli sett opp til hausten eller seinare.

 

Me ynskjer publikum velkomne attende til gode kunstopplevingar på huset!

Velkomen til ei trygg oppleving – Kabuso tek naudsynte forholdsreglar. Foto: Silje Solvi

Opningstider

21. juni–23. august:
Ope tys-sundag kl 11-16

Kontakt

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987
E-post: post@kabuso.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram!

Opening hours

21 June–23 August:
Tues-Sunday 11 AM-4 PM
Closed Monday

Contact

Adr: Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X