Norsk English

04.03-30.04: Ingebrigt Vik 150. Ingebrigt Vik og Bård Breivik

Omvising i utstillinga laurdag 8. april klokka 13.30.

Korleis opplever ein Ingebrigt Vik sine skulpturar i dag? Kan ein sjå Vik sine kunstverk på nye måtar gjennom samtidskunst? 150-årsjubileet for Ingebrigt Vik sin fødsel vert opna med utstillinga Ingebrigt Vik 150. Ingebrigt Vik og Bård Breivik. Utstillinga undersøker fellestrekk ved dei to skulptørane sine kunstnerskap.

Ingebrigt Vik (1867-1927) vart fødd i Øystese i 1867 og vart i si levetid ein av dei leiande bilethoggarane i Noreg med høgdepunkt som monumentet over Edvard Grieg og Ynglingen. Vik var ein meister i år skildre sinnsstemningar og livsfasar, men og ein meisterleg formidlar av menneskekroppen sin heilskap. Gammel kone og Sittende jente er døme på kor gjennomarbeidd skulpturane var i alle ledd.

Bård Breivik (1948-2016) har gjennom førti år hatt ein framståande posisjon i skandinavisk kunst. Han vart fødd og vaks opp på Laksevåg i Bergen, men reiste mykje og produserte kunstverka sine i land som Kina, Brasil og Kenya. 72 arbeid frå Partitur for en lengre samtale tar del i utstillinga saman med andre karakteristiske verk.

I Ingebrigt Vik museum viser me samstundes Annette Koefoed - Imago

2017_Breivik