Norsk English

04.03-30.04 Annette Koefoed - IMAGO

Utstillinga IMAGO i Ingebrigt Vik museum er laga spesielt til det åttekanta museumsbygget som er bygd for å romme Ingebrigt Vik sin kunst. Koefoed arbeider tredimensjonalt med skulptur i materialar som ikkje er massive.

IMAGO er ein serie tekstilskulpturar som har referansar til det kroppslege og går i ein notidig dialog med Ingebrigt Vik. Samstundes viser dei til tomme skal etter pupper som enkelte insekt etterlet seg når huda deira må skiftast og dei går vidare til neste stadie i utviklinga si. 

 

Kabuso Vik Jubileum 2